Tidlegare politioverbetjent Finn Abrahamsen i Oslo politidistrikt er klar i sin kritikk av politiet i Hordaland.
– Eg syns dei har vore altfor sparsomme med å gje opplysningar undervegs i etterforskinga. Denne måten å jobba på høyrer fortida til, seier Abrahamsen til NRK.
– Kunne fått meir hjelp
Jakta pågår for fullt etter den hittil ukjente mannen som drap og misbrukte 98 år gamle Hilda Feste om kvelden 1. nyttårsdag.
I går fortalte NRK at politiet
etter gjerningsmannen.Abrahamsen meiner politiet kunne vore nærare ei løysing viss dei hadde vore meir opne.
– Publikum ville blitt meir interessert og engasjert og gitt politiet meir hjelp. Det er utruleg viktig å få ut opplysningar gjennom media, seier Abrahamsen.
Politiet slår tilbake
Politiet i Hordaland slår hardt tilbake mot kritikken.
– Kva tidlegare politifolk måtte meina om ei etterforsking dei overhodet ikkje kjenner til blir vanskeleg å ha noko meining om, seier politiadvokat Asbjørn Onarheim i Hordaland politidistrikt.
Onarheim meiner politiet har gitt så mykje informasjon som dei har kunna gjort undervegs i etterforskinga.
– Det er ikkje alt vi kan gå ut med av taktiske grunnar. Vi ønskjer ikkje at drapsmannen skal sjå på TV eller lesa i avisene kva vi har, eller eventuelt ikkje har, av spor eller andre opplysningar, seier Onarheim.