Hopp til innhold

- Eit forbod mot mobiltelefonar er viktig

Elevar er redde for fotografering og filming ved klesskifte og dusjing. No ønskjer nettsida slettmeg.no å forby mobiltelefonar i den norske skulen.

Dusj

VIL FORBY MOBILTELEFONAR: Nettsida slettmeg.no vil ta mobiltelefonane i frå elevar i norsk skule.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Håkon Ervik og Mari Frostad går i 10. klasse ved Gimle skule i Bergen. Dei synest det er ubehageleg å tenkje på korleis det er å bli tatt bilete av på skulen, spesielt etter gym og symjing.

– Det er ille når slike bilete blir tatt. Om nokon er idiot nok til å ta eit bilete med mobilen i garderoba, så trur eg ikkje at terskelen for å leggje det ut på internett eller sende det vidare til ein ven er lang heller. Alt dette kan skje i løpet av få tastetrykk, seier Ervik.

– Ein går rundt med ein slags utryggleik. Overalt blir det tatt bilete, og ein har ikkje kontroll over kvar dei ender opp, seier Frostad.

Denne utryggleiken er noko av årsaka til at nettsida slettmeg.no ønskjer å forby alle mobiltelefonar på norske skular.

LES OGSÅ: Kan bli politimeldt for å filma i dusjen

Vil ha eit forbod

Christian Meyer

MOBILFORBOD: Christian Meyer i slettmeg.no seier elevane må lære seg konsekvensane av uønska biletepublisering.

Foto: Ida Hjerkinn / NorSIS

Slettmeg.no er ei offentlegdreve nettside som gjer råd til personar som føler seg krenka på nett, eller ønskjer å slette informasjon om seg sjølv. Det siste året har mange tatt kontakt fordi bilete har hamna på avvege på det store internettet.

- Uønska biletepublisering på internett sto for rundt 10 prosent av henvendingane slettmeg.no fekk i 2011, seier Christian Meyer.

Nettsida rår skulane til å ta mobiltelefonane frå elevane i skuletida.

– Eit forbod trur eg er viktig. Men det gjer ikkje jobben åleine, vi må også lære opp folk til å forstå konsekvensane av denne typen handlingar, seier Meyer.

- Ikkje i 2012

Frode Nilsen er rektor ved Gimle skule. Han meiner ordensreglementet for grunnskular i Bergen allereie er tydeleg nok.

– Det er ganske enkelt. Mobiltelefonar skal ikkje brukast til krenkande åtferd, den skal ikkje brukast til å forstyrre undervisninga og heller ikkje til å ta bilete eller filme i skuletida. Det står veldig klart, seier rektoren.

Men hans eigne elevar er kritiske til kva påverknad eit ordensreglement eigentleg har på elevane.

– Eit ordensreglement er for fjernt og formelt for oss. Om ein skal gjere ein forskjell i vår klasse så må ein bevisstgjere elevane, seier 10. klassingen Mari Frostad.

Rektoren har ikkje noko tru på at å forby mobiltelefonar er eit alternativ i 2012.

– Vi må lære elevane å bruke mobiltelefonar til det den skal brukast til, og ikkje krenkande åtferd. Det er svært viktig, seier rektor Olsen.