23.02.2012
SISTE FRA NRK.NO

Ei uvanleg travel natt

Elleve menn blei sett i drukkenskapsarresten i løpet av natt til søndag. Det er dobbelt så mange som til vanleg.

16 personar har sitte i arrest i løpet av natta og elleve av dei blei innsett i drukkenskapsarrest for diverse ordensforstyrringar og vald, opplyser operasjonssentralen i Hordaland politidistrikt.

– Det er ein del meir enn vanleg. Ei vanleg helg blir mellom fire og seks personar innbrakte, seier operasjonsleiar Ole Geir Magnussen.

– Kvifor så mange akkurat denne helga?

– Det veit eg ikkje, men det var ekstra roleg natt til laurdag, og så fekk me spesielt mykje natt til søndag, seier Magnussen.

Blant dei som blei innsett i drukkenskapsarresten i natt var ein mann i midten av 20-åra som kasta gjenstandar på og spytta på forbipasserande i Bergen sentrum. Politiet fann også narkotika på mannen.

Ein mann i slutten av 20-åra blei pågripen etter å ha slått ei kvinne i magen på ein uteplass i Bergen. Kvinna fekk smerter i magen og vil politimelda forholdet.

På Vetrlidsalmenningen blei ein mann i byrjinga av 30-åra pågripen for å bera og ha vist fram ein kniv. Mannen hadde også narkotika på seg.

Politiet måtte også rykka ut til Eidsvågneset i løpet av natta, etter melding om at to menn i slutten av 40-åra sloss. Den eine mannen blei slått bevisstlaus og han blei køyrt til legevakt i ambulanse.

Siste: NRK Hordaland

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet

Nyhetsarkiv Hordaland