23.02.2012
SISTE FRA NRK.NO

Utan politibåt på grunn av konkurs

Politibåten  (NRK)

NO STÅR HAN PÅ LAND: Her er politibåten mens han framleis var i drift.

NRK

Konkurs plasserte den einaste politibåten i Hordaland på land. – Ingen gunstig situasjon, innrømmer politiet.

Sommaren 2009 fekk Hordaland politidistrikt ein splitter ny politibåt.

Med to motorar på tilsaman 1500 hestekrefter kan båten gå i over 60 knop.

Politibåten Kjølen er eigd av Djupevåg båtbyggeri i Norheimsund, men politiet har hatt ein langsiktig leigeavtale med båteigaren.

Det gjekk heilt fint fram til båtbyggeriet gjekk konkurs i november. Då blei båten ein del av konkursbuet, og kan ikkje lenger brukast av politiet.

Skaper problem

Visepolitimeister John Reidar Nilsen i Hordaland politdistrikt innrømmer at dette ikkje er ein gunstig situasjon.

– Det er ikkje krise, men heller ikkje ønska, seier Nilsen.

Han peikar på at det kan bli problem viss det er behov for politiet på øyer eller på sjøen.

Alternativet for politiet er å be om hjelp frå andre som har båtar tilgjengeleg.

– Vi har ein avtale om at vi kan be om bistand frå Forsvaret, seier Nilsen.

SJÅ VIDEO: NRK var med ut på kontroll med politibåten Kjølen i juli 2009, som då blei rekna som eit stort framsteg for politiet.


– Ikkje godt nok

Monica Nilsen (Frp) i Hordaland fylkesutval meiner dette ikkje er godt nok.

– Det kan få store konsekvensar viss det skjer ei ulykke. Det er trafikk på sjøen heile året, seier ho.

Politiet har lagt inn eit bod om å få kjøpa politibåten frå konkursbuet, men veit ikkje enno om dei vil få tilbake den gamle båten.

Inntil vidare står båten på land.

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.

Siste: NRK Hordaland

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet

Nyhetsarkiv Hordaland