Hopp til innhold

Har ikkje oversikt over fattige arbeidsinnvandrarar

Bergen kommune vil prøva å få til ei oversikt, men er klar på at byen treng hjelp til å løysa utfordringa med arbeidsinnvandrarar.

Lisbeth Iversen

Lisbeth Iversen (KrF), byråd for sosial, bolig og områdesatsing, vil snakka med statlege myndigheiter.

Foto: NRK

Velgjerande organisasjonar i Bergen opplever ei bølgje av fattige arbeidslause frå EU-landa som søker jobb i Noreg.

Wenche Berg Husebø

Wenche Berg Husebø.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Nokon er heldige, slik som Carla Caetano frå Portugal , men fleire endar opp i fattigdom i Noreg. Nokre bur på gata, opplyser Robin Hood-stiftinga.

– Dei er veldig slitne, seier styreleiar Wenche Berg Husebø.

Til no har mange kome frå Spania, og Berg Husebø fryktar ei ny bølgje frå Hellas og Italia.

– Treng hjelp frå myndigheitene

Den raske veksten i arbeidsinnvandrarar er noko nytt for Bergen. Dei skal få mat og naudhjelp, men det vil skje gjennom velgjerande organisasjonar med støtte frå kommunen.

– Terskelen skal vera låg for å be om hjelp. Viss ein treng mykje hjelp så får me formidla det, slik at me kan få dei inn i vårt system, viss det er der dei høyrer heime, seier byråd Lisbeth Iversen.

– Dette er noko me må snakka med statlege myndigheiter om, det kan ikkje vera slik at ein by skal løysa den utfordringa heilt aleine, legg Iversen til.

– Heimlanda har ansvaret

Velgjerande organisasjonar meiner staten har eit ansvar for å hjelpa arbeidsinnvandrarane med å få jobb, eller ein flybillett heim. Dette avviser leiaren for Stortinget sin Arbeids- og sosialkomité.

– Noreg har ikkje eit særskilt ansvar ovanfor dei. Får ein ikkje arbeid, så bør og må det vera heimlandet som har ansvaret for personane, seier Robert Eriksson (FrP).

Vil reforhandla EØS-avtalen

Eriksson meiner EØS-avtalen bør reforhandlast.

– Spesielt når det gjeld arbeids- og velferdsbetingelsar, og det er for å sikra at me framleis kan ta i mot arbeidsinnvandring frå EØS-området. Men også for å forhindra at Noreg blir eit slags Europa sitt nye trygdekontor