Unni Tobiassen Lie sin son, Benjamin, var ein av dei unge, friske som døydde på
sjukehus. Ein ukomplisert kneoperasjon gjekk fint, men sterke smertestillande medikament tok livet av Benjamin fordi han ikkje vart godt nok overvaka.
Les òg:
Mot normalt etterforska politiet i Buskerud saka, og resultatet vart ein bot på ein halv million kroner til sjukehuset.
Les òg:
Politiet etterforskar sjeldan
I fjor vart 372 såkalla unaturlege dødsfall meldt inn til Helsetilsynet, men politiet etterforskar sjeldan. Berre 105, altså mindre enn ein tredel av dei vart obdusert av rettsmedisinarar.
Unni Tobiassen Lie er no med i pårørandegruppa Unaturlege dødsfall, og er kritisk til dagens system.
– Eg tykkjer dette er veldig beklageleg. Eg meiner politiet må på bana fordi det er dei som har etterforskingskompetansen her i landet, seier Tobiassen Lie.
– Det er viktig å setje fingeren på kva som gjekk gale, mest for å kunne lære av det.
Ventar fleire år på konklusjonen
Vanlegvis ventar politiet på Helsetilsynet sin konklusjon, noko som kan ta år.
NRK har tidlegare omtala dødsfallet til Davoud Rasti i Bergen. Ein frisk 23-åring døydde etter ein enkel operasjon i handleddet. To år etter har politiet ennå ikkje etterforska, sjølv om saka er svært lik Benjamin sitt dødsfall.
Les òg:
– Rundt femti slike saker vart meldt inn til oss frå Haukeland sjukehus dei tre siste åra. Dei få me har etterforska har blitt lagt vekk på grunn av manglande bevis,
seier politiinspektør i Bergen, Svein Erik Krogvold.
– Det er berre to, tre eller fire slike saker som blir etterforska, men dei aller fleste blir fulgt opp med undersøkingar og obduksjon.
– Det må få konsekvensar
Tobiassen Lie meiner det må få konsekvensar dersom ein ikkje fylgjer regelverket.
– Viss det er slik at ein ikkje fylgjer rutinane, så bør det få konsekvensar for helsepersonellet.
Justisdepartementet vil ikkje kommentere saka, og viser til Riksadvokaten som skal sjå nærare på systemet.