Hopp til innhold

Ankar maste-dommane

Ti masteaksjonistar blei i september dømde i Nordhordland tingrett. Alle ti har bestemt seg for å anka.

Synnøve Kvamme og Magne Hagesæter

Synnøve Kvamme og Magne Hagesæter er to av dei ti aksjonistane som blei dømde i Nordhordland tingrett.

Foto: NRK

Aksjonistane nekta å betala bøtene dei fekk etter å ha demonstrert mot, og hindra bygginga av kraftlinjer i Hardanger.

I Nordhordland tingrett blei dei dømde til å betala 10.000 kroner i bot. .

– Det var venta at dei ville anka, så me er ikkje overraska. Me tar det til etterretning. Me meiner dommen var riktig og har innstilt på at ankane skal forkastast, seier politiadvokat Marita Mellingen.

Opp til ankeutvalet

Ankane på dommane frå tingretten blir sendt til ankeutvalet, som skal sjå på om det er grunnlag for å senda saka vidare til Gulating lagmannsrett.

– Skulle den sleppast inn så er det ingenting som har kome fram som gjer at me endrar vårt syn, seier Mellingen.

– Me ankar fordi me meiner at me er uskuldige og ikkje skal dømmast. Me meiner Statnett er kriminelle, men tingretten er ikkje einig i det, seier Synnøve Kvamme, ein av dei ti aksjonistane.

Aksjonistane meiner at paragraf 110b i Grunnlova ikkje blei tatt omsyn til i tingretten, og håpar lagmannsretten vil ta omsyn til denne.

Håpar lekfolk har meir forståing

Kvamme synest det er vanskeleg å vita om utfallet kan bli annleis i lagmannsretten.

– Eg håpar det. Der er det også lekfolk med, og det er kanskje lettare å få forståing frå dei, seier Synnøve Kvamme.

LES OGSÅ:

– Forstår at ho ber om forkasting

Synnøve Kvamme har fått med seg at politiadvokat Mellingen har sendt forslag til lagmannsretten om å forkasta ankane.

– Ho har jo sitt å forsvara så eg forstår at ho gjer det. Men eg er ikkje einig med henne, seier Kvamme.