Hopp til innhold

7 av 10 vil ha graffitiveggar i Bergen

Bergensarane vil ikkje ha graffiti vekk frå bybiletet.

Gatekunst på skulebygget til NHH
Foto: NRK

39.300 brukarar av NRK sin valgomat har svart på kva dei meiner om graffitiveggar.

Når dei blir bedne om å ta stilling til ein påstand som seier «De lovlige graffitiveggene i Bergen bør fjernes», så svarer 72 prosent at dei ikkje er einige i dette, og over 50 prosent er svært ueinige.

Berre 11 prosent vil ha graffitiveggane fjerna.

Dette er også ei sak bergensarar er opptatt av, 68 prosent meiner dette er eit viktig tema.

Ordføraren er i mot

Ordførar i Bergen, Gunnar Bakke (FrP), uttalte tidlegare i år klart og tydeleg at han er i mot å gi gatekunstnarar veggar å boltra seg på . Det er naivt å tru at ein på denne måten fremmar kunstarten, meiner han.

Gatekunst ved NHH

Veggane på bygget til NHH har i løpet av sommaren fått ulike motiv.

Foto: NRK

Trond Wathne Tveiten i Bergen Venstre meiner derimot at det bør leggast til rette for graffiti fleire stadar i Bergen.

Wathne Tveiten trur tagging kan bli eit mindre problem viss det blir fleire stadar det er lovleg å driva med graffiti.

Graffiti på Handelshøgskulen

Ved Sentralbadet finst ein av dei lovlege graffitiveggane i Bergen.

I sommar la også Noregs Handelshøgskule (NHH) til rette for graffiti. I høve NHH sitt jubileum inviterte skulen kjente gatekunstnarar til å dekorera nokre veggar på skulebygget med gatekunst.

Dette er tydelegvis noko valgomat-brukarane er positive til.

LES OGSÅ: Graffiti er kunst!