Hopp til innhold

Krev 1000 kroner for valg-stand

Kjøpesenter krev 1000 kroner for å la politikarar driva valkamp. Mange småparti har rett og slett ikkje råd.

Video dfb09db6-970f-4a93-8682-e58bc115a55d.jpg

SE SAKEN: Marianne Bjorøy (Ap) synes det er betenkelig at politiske parti må betale for å stands på kjøpesentre.

Det vekkjer sterke reaksjoner at eit kjøpesenter i Fjell tar betaling for at partia skal få stå på politiske stands. Ågotnes Torg tilbyr partia å marknadsføra seg sjølv på kjøpesenteret mot at dei betaler 1000 kroner.

Småparti har ikkje råd

Fleire små parti har dermed ikkje råd til å servera den poitiske bodskapen til dei handlande, seier ordførarkandidaten for Arbeidarpartiet i Fjell, Marianne Bjorøy, til NRK.

– Eg syns dette er veldig betenkjeleg. Dei som har pengar kan betala, og dei minste partia får ikkje høve til å visa fram sin politikk, seier Bjorøy.

Valforskar Frank Aarebrot ved Universitetet i Bergen, som er kjent for å finna ord for det meste, er i harnisk over at dei minste partia i praksis blir utestengde.

Ågotnes Torg

Her på Ågotnes Torg kreves de betaling for politiske stands.

Foto: Linda Ekeland / NRK

– Udemokratisk

Frank Aarebrot

Valforskar Frank Aarebrot er i harnisk over at kjøpesenter krev betaling frå politikarar som vil stå på stand.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

– Dette er så gjennomført udemokratisk at eg nesten ikkje har ord for det. Det opprører meg inderleg som demokrat og som opptatt av å få høg valdeltaking. Ein eller annan forretningsmann skal ikkje få driva sensur, tordnar Aarebrot.

-Dei små partia bør stilla, og sjå om kjøpesenteret vågar å senda politiet for å kasta dei ut, meiner valforskaren.

Øystein Ingdahl, som er informasjonssjef i Handels- og servicenæringens Hovudorganisasjon, har ingen innvendingar mot ordninga.

– Vi meiner dette må vera heilt opp til kvar butikk eller kjøpesenter å avgjera, seier Ingdahl.

Ågotnes Torg har ikkje gitt tilbakemelding på våre spørsmål omkring ordninga med betaling.