Hopp til innhold

– Vanskeleg å kalkulera etterspurnaden

Stadig fleire seier nei-takk til tilbod om studieplass. Det byr på utfordringar for Høgskulen Stord/Haugesund.

Forelesning

FORELESNING: Studiesjefen ved HSH synest svingane etterspurnad gjer det vanskeleg å planlegga. Då blir det blant anna vanskeleg å vita kor mange dei må ha plass til i forelesingane.

Foto: colourbox.com

20. juli sendte Samordna opptak ut svar til dei som hadde søkt om studieplass. Mange studieretningar blei fylt opp med ein gong, og både Noregs Handelshøgskole og Universitetet i Bergen hadde ingen ledige restplassar.

LES OGSÅ: – Bergen får de beste studentene

Situasjonen er annleis på Stord. Høgskulen Stord/Haugesund (HSH) hadde torsdag framleis omtrent 50 ledige studieplassar på Stord.

– Dei siste åra har det vore ei stigande trend at fleire som får tilbod takkar nei til plassen. Dette er ei nasjonal trend, og ikkje noko som berre skular i distriktet opplever, seier studiesjef Geir Tveide ved Høgskulen Stord/Haugesund.

– Lite forpliktande å få studietilbod

– Å motta eit studietilbod er tydelegvis lite forpliktande for ein del, og det gjer det vanskeleg for oss å planlegga, forklarer Tveide.

Både i år og tidlegare år har plassane blitt fylt opp raskast ved utdanningsinstitusjonane i dei store byane . Tveide meiner at dei ikkje tilbyr for mange studieplassar ved HSH.

– Etterspurnaden er ustabil. Eg ser at det kan bli stilt spørsmål utanfrå om heile sektoren har for mange studieplassar, men det blir eit politisk spørsmål, seier studiesjefen.

Dei ledige plassane på Stord fordeler seg på grunnskulelærar 1.-7. og 5.-10., førskulelærar natur og fritid, faglærar i musikk og årsstudium i samfunnsfag og engelsk. Det er også nokre ledige plassar ved ingeniørutdanning i Haugesund.

Vil overbooka på HiB

HSH vil ta i mot folk som ønskjer ein av restplassane hos dei heilt fram til første studieveka. Ein føresetnad for å få plass er at ein må vera kvalifisert.

Ved høgskulen i Bergen (HiB) har dei torsdag framleis plass til 10-20 studentar til, og plassane fordeler seg på to ingeniørstudium og ”Religion, livssyn og etikk”.

To av desse studia er eigentleg fulle, men dei har erfaring med at nokon sluttar undervegs, og vel difor å overbooka.

Ved NLA Høgskulen i Bergen er det også framleis nokre ledige plassar.