Hopp til innhold

Vil ha kvalitetskrav for gatemusikantar

Bergen Næringsråd meiner at det må stillast eit minstekrav til kompetansen hos gatemusikantar.

Illustrasjonsfoto gatemusikant

Illustrasjonsfoto av gatemusikant.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Kvart år kjem nesten 100 gatemusikantar til Bergen for å tena pengar. Mange er til glede, men mange skaper også stor irritasjon hos folk som bur og jobbar i sentrum.

– Det er greitt i visse mengder, men ein heil sommar med det tar på, meiner to NRK møter på gata i Bergen.

Gatemusikantar må på audition

Det er fritt fram for gatemusikantar å spela i Noreg, så lenge dei har løyve frå grunneigar som oftast er kommunen. I fjor registrerte Bergen politistasjon heile 85 musikantar.

I om lag tretti norske kommunar, inkludert Bergen, må ein også vera registrert i eit register hos politiet for å kunne samla inn pengar på gata.

I store europeiske byar som London og Paris må gatemusikantar på audition for å få speleløyve. Også me må kunna stilla større krav til dei som får bruke byrommet, meiner Bergen Næringsråd.

– Det hadde vore ein ide at ein kunne ha eit minimum av kvalitetskrav til dei som skal opptre i sentrum, seier administrerande direktør Marit Warncke i Bergen Næringsråd.

Kommunen kan ikkje forby

Marit Warncke

Marit Warncke.

Foto: Oddmund Lunde/Bergen Næringsråd

Warncke vil også ha på plass eit krav om at musikantane ikkje kan stå på den same staden over lang tid. Eit slikt krav finst i dag i fleire andre norske kommunar.

– Det er enkelte som står og spelar ein til to melodiar om igjen og om igjen, i time etter time. Då blir det rett og slett berre støy som er veldig slitande, seier Marit Warncke.

Fungerande byrådsleiar i Bergen, Hilde Onarheim, meiner at dei ikkje har moglegheit til å gjera noko estetisk vurdering av gatemusikantane før dei får løyve.

– Frå kommunen si side har ikkje me nokon heimel til å kunna forby desse, så lenge dei har fått lov av politiet. Når det gjeld kvalitetskrav er det i alle fall ikkje me som kan setta det, seier Onarheim.

Problem også i Oslo

Jøran Kallmyr

Byråd Jøran Kallmyr.

Foto: Per Onsheim / NRK

I Oslo har dei det same problemet som i Bergen

– Me får veldig mange klagar, og veldig mange folk som jobbar i Oslo sentrum er utruleg lei av å høyra den same musikken, seier Jøran Kallmyr, byråd for miljø og samferdsel i Oslo kommune.

Han trur som Onarheim i Bergen at det vil bli umogleg for kommunen å luka ut dei som folk oppfattar som støy, men dei jobbar for å få på plass eit liknande register som det som finst i Bergen.

– Me har i dag ingen moglegheit til å visa vekk folk. Med eit slik register håpar me at me kan oppdaga personar som tidlegare har gjort lovbrot. Dei vil då ikkje få løyve, seier KAllmyr.

Politiet kan be musikantar flytta seg

Bergen kommune vil prøva å få på plass eit krav om at musikantane ikkje kan stå lenge på same stad som vilkår for å få løyve. I mellomtida kan dei mest fortvila folka ta kontakt med politiet for å få hjelp.

– Når me får inn klagar tar me kontakt med vedkommende musikant og spør om dei kan flytta seg. Mei ber folk flytta seg viss dei openbart er eit problem, seier fungerande leiar Øystein Frotaule ved ordensseksjonen på Bergen politistasjon.