Hopp til innhold

- No hastar det å gje blod

Blodbanken ved Haukeland Universitetssykehus har sendt store mengder blod til Oslo. Ullevål sykehus etterlysar etablerte blodgjevarar med blodtype 0-.

Blodbanken på Haukeland Universitetssykehus

I Bergen har mange teke oppfordringane om å gje blod.

Foto: Andre Marton Pedersen / NRK

Oslo universitetssjukehus oppfordrar alle personar med blodtype 0 om å gje blod. Det skal ikkje vere behov for andre blodtype på noverande tidspunkt. Sjukehuset presiserar at blodgjevarane må vere etablerte frå før.

Sjukehuset opplyser dette i ei Twitter-melding:

Blodbanken ved Oslo universitetssykehus presiserer at KUN SYKEHUSETS ETABLERTE BLODGIVERE med blodtype 0 - (null minus) skal ringe dem nå!

Mykje blod sendt austover

Kort tid etter at bomba råka Oslo, blei det sendt store mengder blod austover.

– No treng vi hjelp frå alle blodgivarar til å fylle opp lagra våre, seier avdelingssjef Tor Hervig ved blodbanken ved Haukeland Universitetssykehus.

Blodbanken er stengt fredag kveld, men Hervig ber blodgivere melde seg laurdag klokka ti.

Kø på blodbanken

Det var kø i blodbanken på Haukeland universitetssjukehus ved åpningstidar, laurdag.

Foto: Andre Marton Pedersen / NRK

– Kom og gje blod laurdag!

– Lageret vårt er no svekka, og vi oppfordrar alle blodgivarar til å ta turen til Haukeland laurdag 23. juli frå klokka 10. Det er veldig viktig at vi no får fylt opp igjen Blodbanken, og vi er heilt avhengige av hjelp, forklarar Hervig.

Nye blodgivarar må igjennom ei rekkje testar for å gje blod. Difor mobiliserer sjukehuset personar som allereie er blodgivarar.

– No hastar det for oss å få fylt opp Blodbanken igjen, og dette er mest effektivt, seier Hervig.

Blodbanken held opent laurdag 23. juli frå klokka 10 og utover så lengje det er behov. Blodgivarar kan også kontakte Blodbanken på telefon: 55 97 30 17.

Blodgiver

Blodbanken oppfordrar folk til å gje blod.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Har ikkje kapasitet nett no

Pressevakt ved Oslo universitetssjukehus seier at dei nett no ikkje har kapasitet til å ta i mot blod i samband med terrorangrepet.

– Det er så langt ikkje noko mangel på blod. Me kjem til å leggje ut ei oppfordring på nettsidene våre om det vert aktuelt, seier medievakt ved sjukehuset.

Kalle Kalesic

Kalle Kalesic er etablert blodgjevar med blodtype 0-. Han vart oppringt av sjukehuset etter bombinga.

Foto: Kirsti Falch-Nilsen / NRK

Det er for tida svært stor pågang på Oslo universitetssjukehus. Dei melder at sjukehuset har det dei treng for augneblinket.

– Det er kaos inne på Ullevål sjukehus. Veldig mange vil gje blod. Det er blant anna ein pårørande som står i døra for å stoppe straumen av folk, raporterar NRK-journalist Kirsti Falch-Nilsen.

Her kan du gje blod:

Sjå Gi Blod sine nettsider for informasjon om fleire stadar du kan gje blod.