Hopp til innhold

Ba instendig om hjelp via Twitter

Twitter og Facebook var eineste kanal ut for deltakarane på AUF sin sommerleir på Utøya.

Twitter fra Utøya

«Ikke ring meg, jeg ligger i skjul».

«Alle med båt i nærheten av Utøya. Dra og hent svømmende ungdommer som rømmer fra øya! Spre ordet!»

«vi sitter ved vandet. En mann som skyter ikledd politiuniform. Hjelp oss ift når politiet kommer»

Svømmer for livet fra Utøya

Mange måtte svømme for livet fra Utøya

Foto: Marius Arnesen/NRK

Pårørende i forbindelse med Utøya kan kontakte politiet på 32 10 32 82 og 32 10 32 78.

Dette er bare noen av eit uttal meldingar som blei lagt ut på Twitter då dramatikken utspant seg på Utøya fredag ettermiddag.

– Skru av lyden på mobiltelefonen. Følg med på internett, men skru av lyden på mobiltelefonen, var oppfordringa frå fungerende fylkesleder i Hordaland Arbeiderparti.

Farleg å ringje

Jette Fugelsnes Christensen

Jette Fugelsnes Christensen

– Eg har hatt kontakt med folk på Utøya via sosiale medier, på grunn av at det er viktig at vi verken ringer eller sender meldingar. Folk har gått i skjul, folk er redde, fortalte Fugelsnes Christensen fredag kveld.

AUF hadde ikkje oversikt over situasjonen på kvelden. På nettsidene sine opplyste dei at politiet var på staden. Pårørande blei bedt om å ringe Sindre Kvil tlf. 41 20 44 02 eller Ingrid Aune tlf. 98 05 97 11.

– Det å ha lyden på mobiltelefonen, eller gje folk anrop som kan få folk til å skjønne kvar dei er henne, kan setja dei i ytterlegare fare. Så eg har kun hatt kontakt med folk på Utøy via sosiale medier via internett, sa ho.

- Høyrer skyting

Meldingar frå deltakarane strøyma ut på sosiale medier. Om frykt, tårer, skot og augevitneskildringar om at nokon hadde sett folk døy.

LES OGSÅ:

– Dei høyrer skyting, dei er redde, dei er i skjul. Dei prøver å få kontakt med kvarandre. Ingen veit kven som er skada, og kven som eventuellt er drepne. Det kjem meldingar om at fire er drepne. Det er full panikk der ute. Ingen forstår kva som skjer, kvifor det skjer, og kven som kan stå bak. Det er full panikk, fortel arbeiderpartileiaren.

I 19-tida kom stadfestinga frå Politiet i Nordre Buskerud, at ein person er pågripen etter skytedramaet.