Hopp til innhold

Etterforskar mistenkjeleg dødsfall

Starta etterforsking då ein 45 år gamal mann døydde i Bergen i natt.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein 45 år gamal mann blei sendt frå ei leilegheit på Melkeplassen i Bergen til Haukeland universitetssjukehus i natt.

I halv to-tida i natt blei politiet varsla om dødsfallet.

Mistenkjeleg dødsfall

– Vi etterforskar dødsfallet som mistenkjeleg, og har kalla inn ei kvinne som var saman med mannen til avhøyr, seier operasjonsleiar Asbjørn Andersen ved Hordaland politidistrikt til NRK.

Politiet undersøkjer saka fordi det ikkje er heilt klart kva som var dødsårsaka.

– Kvinna har status som vitne, seier Andersen.

Ventar på obduksjonsrapport

Seksjonsleiar Rigmor Isehaug ved valdsseksjonen på Bergen Sentrum politistasjon seier politi no avventar den førebels obduksjonsrapporten.

I løpet av føremiddagen har politiet avhøyrt fleire vitne.

– Ein førebels obduksjonsrapport frå Gades institutt er først venta i løpet av morgondagen, seier informasjonsrådgjevar Gry Benedicte Halseth i Hordaland politidistrikt i ei pressemelding tysdag ettermiddag.