Hopp til innhold

Videosamtale kan redda liv

Videosamtale med 113 vil kunne gje direkte rettleiing frå helsepersonell dersom du må yta livreddande førstehjelp.

Illustrasjonsbilete frå AMK-sentralen i Helse Førde.

I dag baserer AMK-sentralen seg kun på det folk fortel. I framtida vil dei kunne sjå det som skjer.

Foto: Simon Solheim / NRK

I dag baserer AMK-sentralen seg kun på det innringar fortel, men i framtida vil det også vera mogeleg å sjå det som skjer, meiner forskarar ved Universitetetssykehuset Nord-Norge.

- Me har sett på om ein i akuttmedisinske situasjonar kan bruka videosamtalar for å ringa til medisinsk nødtelefon 113, fortel forskar Stein Roald Bolle.

Reporter Gunhild Agdesteen

Han forklarer at du ved hjelp av videokameraet på mobiltelefonen skal kunne filme ved til dømes ein ulukkesstad.

- Når helsepersonell kan sjå pasienten via telefon, kan dei gje betre hjelp i tidskritiske situasjonar. Det er lettare å koordinera aktivitetar, og folk kjenner seg tryggare når dei kan bli sett av helsepersonell som dei får råd og rettleiing frå, seier Bolle.

Kan gje betre råd

Guttorm Brattebø

Overlege Guttorm Brattebø ved Haukeland Universitetssykehus likar ideen om bruk av videosamtalar hos AMK.

Foto: Anders M. Leines / NRK

Seksjonsoverlege ved akuttmedisin på Haukeland sjukehus, Guttorm Brattebø, støttar forskaren.

- Det handlar om å formidla ein situasjon, der det å kunna sjå korleis pasienten ser ut og korleis det ser ut i området, kan hjelpa dei som sit på AMK-sentralen til å gje meir fornuftige råd, meiner seier han.

Mange gjer feil

På AMK-sentralen ved Haukeland trur sjukepleiar Modulf Amundsen at videosamtale kan bidra til å redda liv.

- Nokre trur kanskje dei har gitt riktig førstehjelp, men så har dei ikkje gjort det skikkeleg. Då kan me korrigera, seier Amundsen.

ER VIDEOSAMTALE EIN GOD IDE?