Hopp til innhold

Opna vegen tidlegare enn venta

Pinsen var ein ekstra motivasjon til å få rydda rasstaden. I dag opna vegen mellom Brimnes og Eidfjord to dagar før tida.

Innbyggjarane i Eidfjord i Hordaland mista vegsambandet og fekk seg ein kraftig støkk fredag, då eit ras frå 1000 meter reiv med seg stein, jord og tre før det small bort delar av vegen og autovernet på riksveg 7.

- Eg vakna klokka eitt av ein forferdeleg lyd, og så ser eg at det er mykje røyk og gnistar. Det var sikkert steinar som trefte høgspentmaster.

Tore Reine, fungerande direktør ved Quality Hotel Vøringfoss, var augevitne til raset.

I dag var han den andre som køyrde forbi rasstaden då riksveg 7 mellom Eidfjord og Brimnes opna att etter å ha vore stengt sidan fredag.

Tore Reine

Tore Reine, fungerande direktør ved Quality Hotel Vøringfoss, var augevitne til raset i Eidfjord.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret

- Gull verdt

- Det var lange, lange køar i begge retningar. Det er gull verdt at dei opna vegen att, seier Reine.

Dei siste dagane har vore ei utfordring for hotellet hans.

- Det har vore veldig tøft, og det er klart det får økonomiske konsekvensar for oss. Turistsesongen er alt godt i gang, og me har tapt ein del på overnatting og bevertning, seier Reine.

At nettet til Telenor var nede store delar av fredag, gjorde ikkje situasjonen noko særleg betre.

- Det er nok mange som har ringt utan å få svar. Me fekk heller ikkje tak i folk, seier den fungerande hotelldirektøren.

Trudde det ville ta lengre tid

Sidan fredag har vegen mellom Brimnes og Eidfjord vore stengt, og det var venta at opprydningsarbeidet ville ta lang tid.

"Vegen vil ikkje opna før tidlegast tysdag", meldte Statens Vegvesen i går. Men i dag, sundag, kunne vegen likevel opne.

- Me har stått på for å få vegen opna att. Det var leitt at raset kom midt oppi pinsen for alle som hadde planlagt å reisa på hytta, så det har gitt oss ein ekstra motivasjon til å bli fort ferdig, fortel Kenneth Lyngsgård i Statens vegvesen, som er byggeleiar i området.

Laurdag spylte dei heile fjellsida med helikopter i fire timar. I dag har dei stått på og rydda og laga ein provisorisk veg.

SJEKK: Dei nyaste trafikkmeldingane

SJEKK: Vermeldinga framover

(Saka held fram under biletet)

Ras, eidfjord

Det var umogeleg å køyra bil til og frå Eidfjord etter raset fredag.

Foto: Gunvall Medhus

- Aldri heilt trygt

Før riksvegen opna sundag, var det geologar på rasstaden for å sjekka at det ikkje lenger var rasfarleg i området.

- Ein kan sjølvsagt aldri garantera at det ikkje vil koma fleire ras, men me har sikra så godt som ein kan. Eg personleg ville ikkje ha grudd meg til å køyra forbi no, seier Lyngsgård.

Han oppmodar likevel folk om å køyra forsiktig, fordi vegen ennå er dårleg og fordi det vil vera vegarbeid langs strekninga neste veke.

Heim til pinse

For Quality Hotel Vøringfoss er det "gull verdt" at hotellgjestane som var venta i dag og i morgon, no likevel kan koma, fordi vegen opna tidlegare enn venta.

For hotelldirektøren sjølv betyr opninga at han endeleg kan reisa heim til familien i Bergen og få tilbringa den siste delen av pinsen saman med dei.

- Det var utruleg godt å setja seg i bilen i dag. Eg har gledd meg sånn til å vera på hytta med familien i pinsen, seier Reine.

(Saka held fram under biletet)

Butikk Eidfjord

Fredag måtte Coop Marked Eidfjord baka brøda sjølve, fordi varene ikkje kunne koma forbi raset.

Foto: Ingrid Fossåskaret/NRK

Filefjell framleis stengt

Laurdag måtte folk som skulle reisa mellom Oslo og Bergen, enten køyra Hol-Aurland eller over Haukelifjell, fordi dei andre overgangane var stengde.

I tillegg til riksveg 7 mellom Brimnes og Eidfjord, var vegen over Hemsedalsfjellet stengt i går på grunn av eit steinras ved Seltun i Lærdalsdalen.

- Vegen er no open, men kan bli stengt på kort varsel, fortel vaktoperatør i Statens Vegvesen, Elin Syrstad.

Filefjell er framleis stengt og er først venta å opna att 30. juni.

- Planlegg heimreisa

Flomvarselet for Hordaland er no oppheva, men for store delar av resten av landet gjeld det framleis.

Flaumen har skapt problem etter omfattande regn og rekordstor snøsmelting. Størst skal problema vera i Gudbrandsdalen og Østerdalen.

Statens Vegvesen fryktar at heimfarten etter pinsen vil skapa kaos over landet.

- Me reknar med kø, kork og store forseinkingar mange stader, seier Lars Erik Hauer i Statens Vegvesen.

Dei ber pinseturistane planlegga heimreisa.

- Start heimturen tidlegare eller seinare enn planlagt, og planlegg turen ved å sjekka vegmeldingane. Berekn god tid heim, seier Hauer.

Flom i Gudbrandsdalen

Gudbrandsdalen og Østerdalen er kraftig råka av flaum. Denne låven ligg ikkje langt frå Kvitfjell alpinanlegg, fotografert fredag kveld.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix