Staten slepp Rocknes-erstatning
Feil navigering, ikkje feil på sjøkarta, førte til at Rocknes forliste og 18 menneske omkom i 2004. Det er resultatet etter at Høgsterett sitt ankeutval no har sett sluttstrek i saka.
Publisert 23.05.2011 15:31.
- Skriv ut
Sju år etter at Rocknes havarerte i Vatlestraumen i Nordhordland, og 18 personar mista livet, er avgjerda klar: Staten er frikjent for erstatningsansvaret. Dei 13 forsikringsselskapa som saksøkte staten etter forliset, får demred ikkje gjennomslag for kravet om over 500 millionar kroner.
Sluttstrek i ei betent sak
LES OGSÅ:
| Kartverket sikta etter Rocknes-forlis | Rocknes-rapport klar |
I 2009 dømde Oslo Tingrett staten til å betala nesten 23 millionar kroner til fleire forsikringsselskap, men domen vart anka, og i januar i år kom Borgating Lagmannsrett fram til at den norske stat slepp å betala kravet. No har altså ankeutvalet til Høgsterett sett strek ved å ikkje tillata anken framført for Høgsterett.
Skulda Kystverket for dårleg merking
Forsikringsselskapa saksøkte opphavleg staten for 580 millionar kroenr, fordi Kystverket ikkje hadde merka grunnen utanfor Reveskolten fyr i Vatlestraumen. Tingretten var altså einig i denne skuldinga, medan lagmannsretten oppfatta årsaka til forliset annleis.
Dårleg sikt, vanskelege straumforhold og lågvatn er faktorar som ifølgje den endelege domen gjorde at losen og dei andre ombord fekk ei feilaktig forståing av kvar Rocknes faktiskvar i høve til grunna.
Feilnavigering skuld i havariet
Den vesentlegaste årsaka til grunnstøytinga må etter lagmannsretten sitt syn dermed vera feilnavigering. Dermed er retten einig med staten i at mangelfulle sjøkart ikkje kan sjåast på som utslagsgjevande, heiter det i domen.
Forsikringsselskapa må ut med 64.800 kroner i sakskostnader til staten, ifølgje NTB.
Galleri
"Rocknes"-forliset
- Regnar sjøvatn i undervasstunnel
- Skal ryddes for undervannsskjær
- Staten slepp Rocknes-erstatning
- Staten frikjent i Rocknes-saken
- Slepp å betale Rocknes-erstatning
- Må punge ut etter Rocknes-havariet
- Vil fjerne døds-grunne
- Dyrlege går til fuglesak mot staten
- Staten tapte Rocknes-krav
- Vil ikke betale Rocknes-erstatning
- Rocknes-eigar saksøkt av kennel
Siste: NRK Hordaland
- Alvorlig mc-ulykke på Tysnes
- Storutrykning til fire svidde brød
- Trålervrak ble festspill-kunst
- Ber folk om å ikke spise reker
- – Bør jo ringe ei bjelle
- Brannen på Sotra er slukket
- 4 veker i varetekt for drapssikta
- Vil ha eitt regionalt bomselskap
- Fryktar at brannen blussar opp att
- – Dårlig timing for streiken
Nyhetsarkiv Hordaland
- Vil ha eitt regionalt bomselskap
- Fryktar at brannen blussar opp att
- – Dårlig timing for streiken
- Frank Aarebrot teken ut i streik
- Evakuerte bolighus i Telavåg
- Fengslingsmøte i drapssaken utsatt
- Polititoppene må kjøre kongeparet
- Slipp fangene fri – det er streik
- Det brenn framleis på Sotra
- Storstreik i Bergen
- – Oslo må bli mer lik Bergen
- – Riktig tidspunkt å gi seg
- – Jeg skal danke ut Piotr
- – Virket som et planlagt drap
- Stor gressbrann på Sotra
- Tar ikke gjenvalg til Stortinget
- – Angripen fordi han er kristen
- Gullkorn frå Festspillene
- Bergen viste seg fra sin beste side
- – Ringte og sa han vart knivstukken
- Avhørt om drapet til langt på kveld
- Knivdrepen på asylmottak
- Sture vs Mongstad – hvem overlever?
- Treelskere preger Bergen sentrum
- Olsvik-drapsmann vil løslates
- –Lei av å skrive idiotiske attester
- Domsavsigelse først etter sommeren
- Bergen blir hardt råka viss streik
- Sette rekord på Dalen Oens bursdag
- Austin fikk karantene
- Mekling på overtid
- Storbrann startet på kjøkkenet
- På revansjetokt mot Aafk
- Søker fremdeles etter 19-åring
- Kjørte i fjellveggen i Åsane






Rocknes-forliset




