Hopp til innhold

Hells Angels etablert i Bergen

Laurdag kveld vart medlemmene i «prospect-klubben» Bergen MC Norway formelt etablert på ein fest i Hokksund.

Hells Angels-fest

OGSÅ I BERGEN: Bergen er den siste av dei store byane i Noreg med ein fullverdig såkalla «einprosentklubb».

Foto: NRK Brennpunkt

Det vil sei at Hells Angels offisielt har etablert seg i Bergen, opplyser dagbladet.no.

Klubben som tidlegare er kjend som Renegades skifta for drøyt eit år sidan namn til Bergen MC Norway. Klubben fekk då status som «prospects».

I går kunne dei rundt 14 medlemmene feira at etableringa var eit faktum.

– Me har det heilt topp, det er fest og feiring i kveld. Så mykje meir vil eg ikkje sei, sa klubbmedlem Frode Takle på telefon til bt.no frå festen.

Les også: Politikere redde for Renegades

Frykta etablering

For om lag to år sidan tok klubben i Bergen det fyrste steget mot medlemskap. I mars 2009 fekk dei status som «hangarounds», eller støttemedlemmer.

Lensmann Norvald Visnes i Fana har i mange år jobba for å hindra at kriminelle motorsykkelklubbar får fotfeste i Bergen.

– Dette er noko me ikkje har ynskja, men eg hadde rekna med at det ville skje på eit tidspunkt. Me har jobba for å hindra det og klart å unngå det i mange år. Men no er dei altså etablert, seier Visnes til bt.no.

Les også: - MC Bergen er tungt kriminell | – Ta avstand fra Hells Angels

Norvald Visnes

Lensmann Norvald Visnes har vore førebudd på at etableringa kom til å skje.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Visnes viser til at han ynskjer å samarbeida med kommunen for å hindra eventuelle kriminelle handlingar.

– Eg frykter utviklinga me har sett i andre byar her i landet, som til dømes i Kristiansand, der klubben har rekruttert yngre kriminelle til miljøet. Me vil bruka mykje ressursar for å hindra at det same skjer her, seier han.

Rekruttering av yngre

I fylgje bt.no er det hovudsakleg i klubbhus og på byen at unge vert rekrutterte til MC-miljøet. Ein av målsetjingane til politiet og kommunen er difor å hindra at Hells Angels får slå rot på ein fast stad i Bergen.

Les også: Danske Hells Angels rekrutterer ungdom i Norge

– Erfaring viser at når Hells Angels har nytta lokaler til klubblokale, så har det vorte nytta som ein nattklubb der det skjenkast ulovleg og tjenast pengar til klubben si verksemd. Det er også ein måte å rekruttera folk på, seier han.

I dag har Bergen MC Norway ein verkstad i ein fjellhall i Hardangervegen som er godkjent av kommunen for mekking av motorsyklar. Politiet fylgjer nøye med på at det ikkje føregår annan aktivitet der.

Les også: Naboer frykter for nytt MC-lokale | Politiet ekstra på vakt ved MC-fest

– Beklageleg

Monica Mæland

Byrådsleiar Monica Mæland.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Byrådsleiar Monica Mæland har i fylgje same avis ikkje lagt skjul på at kommunen vil nytta sterke midlar for å hindra at klubben vert utvida i Bergen.

Då klubben i fjor vart tekne opp som «hangaround-klubb» i Hells Angels, varsla byrådsleiaren at kommunen ville ta i bruk dei verkemidlene som var moglege for å hindra at Hells Angels etablerte seg i byen.

På telefon i går kveld seier Mæland at ho beklagar sterkt at dei no er etablert.

Les også: Politirazzia mot HA-symptatisører | Uønska MC-medlemmar la asfalten rundt Bergen rådhus