Hopp til innhold

Menn i Bergen vil ha «kjendisbunaden»

Bergensbunaden for herrar blei i 2005 redesigna. Men menn i Bergen kjøper heller Fanabunad.

Video Bergensbunaden for menn er lite populær

Bergensbunaden for herrer

Frode Strømmen i Bergensbunad.

Foto: NRK

Få menn kjøpte den gamle versjonen av Bergensbunaden, difor blei bunaden redesigna i 2005. Men den nye Bergensbunaden har heller ikkje slått godt an.

Frode Strømmen er ein av dei 21 som har skaffa seg Bergensbunaden.

– Kva kan eg gjera med det, eg kan skryta då, seier Strømmen.

– Det burde halda at folk ser kor fint plagg det er, legg han til.

Fanabunaden er populær

Fanabunad for herrer

Erik Krohn-Hansen i Fanabunad.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

Mange menn i Bergen vel heller Fanabunaden. Erik Krohn-Hansen er ein av dei.

– Dette plagget er eg stolt av at fleire og fleire vil bruka, seier Krohn-Hansen.

Husfliden i Bergen trur kjendisar har påverka Fanabunaden sin popularitet.

– Herman Friele har sin Fana. Det er fleire bergensarar ein liker veldig godt som har den også. Kanskje det er difor ein knyt seg til den, seier Hege-Therese Nilsen, fagansvarleg ved Husfliden.

– Ber med stoltheit

Bergensbunad og Fanabunad

Her vurderer Luciana Thunem dei to bunadane. Til venstre står Erik Krohn-Hansen i Fanabunad og Frode Strømmen står til høgre i Bergensbunad.

Foto: NRK

Moteekspert Luciana Thunem har vurdert dei to herrebunadane. Ho føretrekk Fanabunaden og trekk fram at det er mykje lag på lag, mange knappar og «ting som skjer» på bunaden.

Frode Strømmen bryr seg ikkje om at Bergensbunaden ikkje «vinn» i moteeksperten si vurdering.

–Eg skal framleis gå med den. Det er med stoltheit ein ber ein bunad, seier Strømmen.