Hopp til innhold

Bussjåførar frå Slovakia til Bergen

Ekstrem mangel på bussjåførar gjer at Tide i Bergen betaler norskopplæring for 40 framtidige sjåførar i Slovakia.

Video Sjåføropplæring i Slovakia

SJÅ VIDEO: Sjåføropplæring i Slovakia

– Korleis skal du behandla bussen? spør kursleiaren.

– Eg skal behandla bussen som eg behandlar kona mi, svarar ein av kursdeltakarane.

Sjåførmangel

Sjåføropplæring i Slovakia

Tre månader med norskopplæring i Bratislava.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Stemninga er god på sjåførkurset i Bratislava i Slovakia.

Stor mangel på bussjåførar gjer at busselskapet Tide Buss i Bergen betaler norskopplæring for 40 framtidige slovakiske sjåførar.

Martin Kebis

Martin Kebis frå Slovakia vil bli bussjåfør i Bergen.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Ein av dei er Martin Kebis, som satsar på å flytta på hybel i Bergen og kjøra buss for Tide. Han er lei seg for at han må reisa frå kona og den åtte månader gamle sonen, men blir blant anna freista av mangedobla løn.

– Eg kjem til å sakna sonen min, seier han og viser fram bilete av den vesle guten.

Lærer å kjøra forsiktig

– Kan du telja for oss? seier norsklærar Beata Rusnakova Glimsholt og utfordrar ein av kursdeltakarane i Bratislava.

Bratislava i Slovakia

Tide Buss hentar sjåførar frå Bratislava i Slovakia, der arbeidsløysa er 13 prosent.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Opplæringa består av ein grunnleggande del og ein del som tar for seg utfordringane som bussjåfør i Bergen.

– I Norge er det veldig viktig å kjøra forsiktig, og stoppa ved fotgjengarfelt og så vidare. Det er ikkje slik i Slovakia, seier ho.

– Blir gode sjåførar

Tide har stor tru på prosjektet, og reknar med å få mange flinke sjåførar til Bergen.

– Dei blir testa godt og dei tar språket. Dei kjem til å bli stabile og flinke sjåførar med gode haldningar, seier Janicke Stople, som er HR-direktør i Tide Buss.

Dei første slovakiske sjåførane skal vera på plass i Bergen om kort tid.

Må reisa frå sonen sin

Martin Kebis må reisa frå kona og den åtte månader gamle sonen sin for å bli bussjåfør i Bergen.

Foto: Ketil Jordan / NRK