Hopp til innhold

Monsterbakterie i omlaup på Haukeland

Det siste året har det vore fleire utbrot av ein multiresistent bakterie på Haukeland universitetssjukehus. Bakterien kan gje alvorlege infeksjonar.

Illustrasjonsfoto ingeniør

ANALYSERER PRØVAR: I alt har 158 pasientar ved Haukeland universitetssjukehus fått påvist vankomycinresistente enterokokkar (VRE). (Illustrasjonsfoto).

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Per i dag har 158 personar fått påvist vankomycinresistente enterokokker (VRE) på Haukeland. I fylgje Bergensavisen (BA) er utbrotet av den motstandsdyktige bakterien den fyrste i Noreg.

– Det er to personar som har fått ein alvorleg infeksjon i form av blodforgiftning. Den eine døydde, medan den andre vart frisk. Desse pasientane var i utgongspunktet alvorleg sjuke, og me veit ikkje med sikkerheit om pasienten døydde av infeksjon som fylgje av VRE-infeksjonen, seier overlege Dorthea Oma ved Senter for smittevern ved Haukeland.

Resistent mot antibiotika

Enterokokkane skal i fylgje Oma vera ei gruppe med ganske ufarlege bakteriar for folk flest, men kan gje livstrugande infeksjonar hjå personar som er alvorleg sjuke.

Det som er spesielt med bakterien er at den er resistent mot mange typar antibiotika og er derav vanskeleg å behandla.

– Dette er ein ganske ny situasjon både på Haukeland og i Noreg. Me jobbar med omfattande smitteverntiltak for å hindra spreiing av motstandsdyktige bakteriar, seier Oma.

Stengde avdelingar

Måndag før påske måtte Haukeland stengja Lungepost 3 inntak for nye pasientar grunna VRE.

Posten vart vaska ned og seks pasientar vart isolerte. Det siste halve året har sjukehuset også stengt fleire avdelingar grunna dei resistente enterokokkane.

– Gjennom prøvetaking oppdaga me smitte på fleire sengepostar. Sjølv om VRE-smitte ikkje er farleg for folk flest, tek me prøvar kvar veke og isolerer pasientar som er smitta for å hindra spreiing, seier Oma.

Utbreidt problem i Sverige

I fylgje overlegen er det vanskeleg å seie kva som er årsaken til utbrota, men ho påpeiker at det ikkje er uventa at VRE også kom til Noreg.

– Det har vore eit stort problem for sjukehusa i Sverige dei siste åra. Foreløpig er Noreg i ein gunstig situasjon når det gjeld antibiotikaresistente bakteriar. Me må ha smitteverntiltak. I tillegg må me hindra unødig bruk av antibiotika.

– Dersom me let bakteriane spreia seg, kan det få alvorlege konsekvensar for utsatte pasientgrupper på sjukehuset, seier overlegen.