Hopp til innhold

Kjempar mot vatn og is

Det blei så altfor mykje vatn overalt i dag, og det blir fortsatt mykje regn og rasfare.

Video Fuktig døgn i Hordaland

Store mengder nedbør og fare for ras har gjort forholda vanskelege mange stader på Vestlandet i dag.

Fuktig dag

Flaum, ras og rasfare har ført til at om lag 40 vegar på Vestlandet har vore stengde.

Følg situasjonen på vegane frå minutt til minutt på nettsidene til Statens vegvesen.

Både i Hordaland og i Sogn og Fjordane er det sett nedbørsrekordar det siste døgnet. Det er og meldt mykje nedbør mange stader på Vestlandet det komande døgnet. Les meir på yr.no

Det er og framleis fare for flaum og skred frå Hordaland til Trøndelag på grunn av regn og snøsmelting frå natt til onsdag, melder NVE.

Is førte til flaum

NRK-reporter Oddgeir Øystese

Isen fører til at vatnet fløymer over brua, fortel Oddgeir Øystese.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

Fleire plassar har isen i elvane klumpa seg saman mot bruer, og ført til at vatnet har fløymd over.

NRK-reporter Oddgeir Øystese var sjølv vitne til dette på Kvamskogen i dag.

– Eg kjenner at brua vibrerer av dei store kreftene som er i sving, seier Øystese.

Ved Løno nord for Voss heldt isen på å øydelegga brua over elva.

Vegvesenet jobbar med helikopter for å fjerna is.

Is skapte problem i elva ved Løno nord for Voss.

Foto: Arnstein Karlsen

Ei gravemaskin brukte grabben til å knusa isen for å få vatnet til å renna. I tillegg blei det brukt helikopter med ei tung kule, som knuste is frå lufta. Sjå korleis dette gjekk føre seg i videoen øvst i artikkelen.

Flaum på campingplassar

På Kvamskogen var det ganske kaotisk i dag tidleg, blant anna på fleire campingplassar.

– Det er vått og oversvømt i heile området, og vi er uten radio og straum. Alle parkeringsplassar er oversvømte. Kvernaelva går over sine bredder og sperrar fylkesveg 7, fortalde Torkjell Kjosås ved Kvamskogen vaktsentral til NRK i dag tidleg.

Flom på Kvamskogen

Kvamskogen i dag tidleg.

Foto: Torkjell Kjosås