Hopp til innhold

Meiner eldre får farleg mange pillar

På berre fem år har medisineringa av eldre i Hordaland auka med 16 prosent, berre for medikament som må hentast på apotek. Kva som skjer i institusjonane, finst ingen oversikt over.

Eldre kvinne med vannglass
Foto: JEAN MICHEL MAZET / Colourbox.com

– Som ei gamal dame sa til meg: Dei gir meg ein tablett for at eg ikkje skal gråta for at mannen min er død. Ho har gjennomskoda oss fullstendig.

Det seier overlege Stein Husebø, som leiar verdigheitssentret på Røde Kors Sykehjem i Bergen. Han meiner overmedisinering av eldre er eit enormt problem:

Stein Husebø, overlege Røde Kors Sykehjem
Foto: Marion Solheim / NRK

– Vi begynnar å nærma oss noko som ikkje berre er fælt, men òg straffbart. I somme tilfelle ser vi at det ikkje berre er uverdig, men farleg behandling av dei gamle.

Overlege Stein Husebø

96 år gamle Kathrine gjekk på 11 ulike legemiddel då ho kom til Røde Kors Sykehjem. No er ho nede i sju, og oppsummer overgongen slik:

– Eg veit berre at eg kjenner meg betre. Mykje betre.

Ingen oversikt over medisineringa

Tala som NRK har henta inn, kjem frå reseptregistret og gjeld dermed dei som bur heime. Når det gjeld dei som bur på institusjon, finst det ingen samla oversikt.

– Så og seie alle som kjem hit, får mindre medisin. Somme går på over 20 ulike typar medisin når dei kjem, fortel overlege Husebø.

Dei mest typiske er blodtrykksmiddel, medisiner mot demens, kolesterolsenkande, sovepillar og smertestillande medisin.

Legeforeninga meiner utviklinga er nyansert

– I utgongspunktet deler eg Husebø si bekymring, men røynda er nok meir samansett enn at løysinga er mindre medisinbruk.

Det seier Gisle Roksund, leiar i Norsk Forening for Allmennmedisin.

Han meiner det er vanskeleg å sei noko om bakgrunn og årsak til medisinauken, så lenge det ikkje er klårt kva slags medisinar det er snakk om:

– Det vi er uroa for, er jo at til dømes beroligande skal brukast feil, for å kompensera for mangel på anna hjelp og omsorg.

Men på same tid kan auken i reseptbelagt medsin tyda på at legane er flinkare til å skriva ut førebyggjande, til dømes ved hajrte- og karsjukdommar, seier Roksund.

Tilbake på Røde Kors Sykehjem fortel overlege Stein Husebø vidare om sitt møte med den gamle kvinna, som opplevde at ho fekk "pillar mot sorg".

– I slike tilfelle er ikkje rett medisin lykkepillen, det er at ho får lov til å snakka om si sorg over mannen som er død. Og at ho får høve til å gjera det så ofte som det trengs.