Hopp til innhold

UDI legg ned omstridt asylprosjekt

Salhus mottak si opplæringsordning for mindreårige asylsøkarar skal leggjast ned.

Salhus mottak

MÅ AVVIKLA: I dette mottaket på Salhus har mindreårige asylsøkarar med mellombels opphaldsløyve fått yrkesopplæring. No vert ordninga avvikla.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Me har vurdert det slik at det ikkje lenger er omsynsmessig å fortsetja prosjektet i sin noverande form, seier Ane Nordskar i Utlendingsdirektoratet (UDI).

UDI opplyser at avgjerda om å avvikla opplæringsprosjektet som er gitt til enslige mindreåringe er teke på grunnlag av forskningsstiftinga FAFO sin evaluering av ordninga hausten 2010.

Sidan mai i 2009 har det blitt gitt avgrensa opphaldsløyve til 71 ungdommar som har søkt om asyl i Noreg. Dette løyvet gir dei rett til å bli i Noreg fram til fylte 18 år, før dei må returnere til heimlanda sine.

Tilbodet på Salhus går ut på å gje yrkesrelevant opplæring til desse ungdommane. Det skal gje dei innhald i kvardagen og ein kompetanse som dei kan bruke når dei kjem attende til heimlandet.

Tilbodet vil bli lagt ned gradvis frå i år, etter at UDI sjølv som ba om ei evaluering.

– Me har funne ut at dei som fekk denne opplæringa opplevde det som ei ekstra påkjenning å måtte flytta frå dei asylmottaka dei i utgangspunktet har kome til og vidare til Salhus. I tillegg har det vore belastande for dei å bu så tett saman med mange i den same aldersgruppa og situasjonen, seier Nordskar i UDI.