Hopp til innhold

Kjenner seg svikta av eige parti

- Det vil få dramatiske konsekvensar for lokalpolitikken dersom Hordaland Arbeidarparti snur i mastesaka, seier ordførar i Granvin, Jan Ivar Rødland (Ap).

Terje Riis Johansen og Granvin-ordfører Jan Ivar Rødland.

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (Sp) og ordførar i Granvin, Jan Ivar Rødland (Ap), har kjempa mot kvarandre i mastesaka i Hardanger. No går styret i partiet til Rødland over på energiministeren si side.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


Ordføraren i Granvin er skuffa og sint over at styret i fylkeslaget no går inn for luftspenn i Hardanger.

Heilt sidan årsmøtevedtaket i 2006 har styret hatt eit klart nei-standpunkt til kraftlinjemaster mellom Sima og Samnanger. No går styret samrøystes inn for å endra vedtaket.

- Eg blei frustrert og forbanna då eg høyrde det, seier Jan Ivar Rødland (Ap).

Ny informasjon

Leiar i Hordaland Arbeidarparti, Sveinung Valle, fortel at det er ny informasjon frå ekspertrapportane som har fått dei til å snu i saka. Han peiker spesielt på tre ting:

  • "Bergen kan bli eit eige prisområde, som fører til at industri, husholdningar og spesielt dei som har dårlegaste betalingsevne kan bli ramma. "
  • "Prosessen i forhold til linja Mongstad-Kollsnes må framskundast."
  • "Turbin 2 på Mongstad må køyrast i gang for å få gasskraftverket opp og gå 100 prosent. "

- Desse tre tinga er uakseptable for Arbeidarpartiet, og derfor har me kome fram til at det beste er å seie til regjeringa at vedtaket frå 2. juli bør stå ved lag, seier han.

Ventar heftig diskusjon

Ordføraren i Granvin kan ikkje forstå at rapportane skal få partiet til å snu i saka.

- Det kom veldig overraskande og brått på. Eg hadde ikkje forventa at Hordaland Arbeidarparti sa at dei hadde fått ny kunnskap, for eg har lest dei same rapportane, og eg klarar ikkje å lesa det slik som dei gjer, seier Rødland.

I dag er representantskapet i fylkeslaget kalla inn til eit hastemøte for å behandla forslaget frå styret. Rødland nektar å snu i saka.

- Eg vil framleis stå veldig sterkt på det standpunktet som eg har gjort dei siste seks-sju åra. Og eg har fått tydlege signal på at folk rundt meg og dei næraste partikollegaene har like oppfatningar som meg. Så det vil bli ein heftig diskusjon i dag. Det er eg klar på, seier han.

LES MEIR: Vil utrede tredje alternativ | LES ALT om kraftlinjene i Hardanger

- Ikkje styrt av regjeringa

Sveinung Valle

Leiar i Hordaland Arbeidarparti, Sveinung Valle.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Sveinung Valle, avviser at det er regjeringa som har pressa dei til å ta nytt standpunkt i mastesaka.

- Hordaland Arbeidarparti er eit politisk parti uavhengig av regjeringa. Me tar eigne vurderingar på eigen kjøl. Om regjeringa er einig eller ikkje, det er ikkje så viktig for oss. Det viktigaste er at me er einige med oss sjølve, seier han.

LES OGSÅ: Trur på sjøkabel | - Uaktuelt med nye rapportar

Vil få forklaringsproblem

Granvinsordføraren kjenner seg svikta av eige parti.

- Det får dramatiske konsekvensar for oss som driv lokalpolitikk i regionen og har bygd politikken vår rundt truverde, for dette er ikkje truverde, seier han.

Han trur det vil bli tungt å koma tilbake til bygda som ordførar dersom fylkeslaget i dag endrar vedtaket.

- Dette er ei sak som er bygd opp rundt politikken vår. Når den viktigaste støttespelaren og hovudpartiet vårt, Hordaland Arbeidarparti, då snur, så har eg store forklaringsproblem overfor dei eg er ombod for, avsluttar Rødland.