Hopp til innhold

Sterkt uroa over resistent lakselus

Veterinærinstituttet slår alarm etter at lakselusene no har utvikla resistens mot stadig fleire kjemikalium.

Lakselus

Lakselusene har blitt meir motstandsføre mot kjemiske middel.

Foto: Odveig Stavnes

- Me har sett tilfelle av multiresistent lakselus. Det er eit problem me har sett i fleire delar av landet, men det er spesielt i Hordaland, seier Brit Hjeltnes, fagdirektør ved Veterinærinstituttet.

Dei gamle kjemikalia tar ikkje lenger livet av dei stadig meir motstandsføre lakselusene. Mange må derfor nytta sterkare middel for å fjerna lusa frå laksen. Bruken av stoffet hydrogenperoksid auka frå 300 til nærare 5000 tonn i fjor.

Hjeltnes er sterkt uroa over situasjonen.

- Hydrogenperoksid er ikkje eit legemiddel på lik linje med dei andre, men eit kraftig etsande kjemikale. Det er krevjande å jobba med, ein må bruka store mengder, og det er veldig dyrt, fortel ho.