Hopp til innhold

Narkotikahandel på Haukeland

Pasientar med rusproblem kjøper og sel narkotika på Haukeland universitetssjukehus.

Haukeland sykehus inngang

Kjøp og sal av narkotika skjer openlyst på Haukeland universitetssjukehus.

Foto: NRK

Kjøp og sal av narkotika skjer openlyst på Haukeland universitetssjukehus. Dei to siste månadene har tryggleiksavdelinga registrert åtte hendingar relatert til narkotika.

Pasientar og pårørande reagerer

Mona Høgli

Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli fortår at folk reagerer på dette.

- Det er vanlegvis pasientar og pårørande som observerer dette,seier tryggleiksansvarleg på Haukeland universitetssjukehus Jørn Svendsen.

Sjukehuset veit at pasientar kjøper narkotika eller legemiddel av utanforståande. Men dei mistenkjer òg at innlagte pasientar sel legemiddel til rusmisbrukarar på sjukehusområdet.

- Dette kan til dømes vere sterke smertestillande. Me har ikkje noko oversikt over dette i dag, men det er mogleg at dette skjer på Haukeland, seier kommunikasjonsdirektør Mona Høgli.

Umogleg å vete omfanget

Omfanget av den ulovlege omsettinga er umogleg å vete. Tryggleiksavdelinga har loggført åtte uønska hendingar dei siste to månadene, men mørketala kan vere høge.

- Det er jo avhengig av kva våre folk obsereverer og får melding om. Men dette er noko som dei som gjer det freistar å skjule, seier tryggleiksansvarleg på Haukeland universitetssjukehus Jørn Svendsen.

Skjønar at folk reagerer

- Eg kan godt forstå at folk som er på besøk her reagerer når dei ser at nokon kjøper og sel ting her som dei helst ikkje skulle gjere. Men det einaste me kan gjere er å overvake området, og ringje politiet om me skulle observere noko slikt, seier kommunikasjonsdirektør Mona Høgli.

Meir overvaking

Sjukehuset ønskjer no å få bukt med problemet og skal montere fleire overvakingskamera.