23.02.2012
SISTE FRA NRK.NO

Vil ha meir disiplin i skulen

Barn og mobil (Foto: Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com)

Byrådet i Bergen vil forby elevar å ha på mobiltelefonen i løpet av skuledagen.

Foto: Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com

Neste skuleår kan alle grunnskuleelevar i Bergen bli tvinga til å helsa på læraren før timen byrjar.

Bergen kommune skal vedta eit felles regelverk for alle grunnskular i kommunen, og i forslaget til nye ordensreglar er det tydleg at elevar i Bergen kan venta seg ein skule med strengare disiplin.

Byrådet vil mellom anna påby dei å helsa på læraren før timen byrjar, samstundes som dei vil forby snøballkasting og mobiltelefonar.

- For deltaljstyrt

Ungdomsskuleelevane på Storetveit skule i Bergen likar ikkje forslaget til nytt skulereglement.

- Det er teit viss me må ta av mobilen, for me kan jo berre han på lydlaus, seier ein av dei.

Rektor Marit Røine er også skeptisk. Ho meiner reglementet detaljstyrer for mykje.

- Spesielt for ungdomskuleelevar kan det verka litt unaturleg at det skal vera reglar om at ein må helsa ved oppstart av timane. Det er vanleg folkeskikk og vanlege samspelsreglar, seier Røine.

Ho trur også det vil bli vanskeleg å handheva dei nye reglane.

- Det er synd å ha ein regel som me ikkje klarar å handheva når han blir broten, seier ho.

- Gamaldags disiplin

Filip Rygg, byråd for byutvikling, klima og miljø i Bergen kommune

Skolebyråd i Bergen, Filip Rygg, ynskjer noko av den gamle disiplinen tilbake.

Elevorganisasjonen i Hordaland reagerer også på forslaget til nye ordensreglar. Leiar Marcus Irgens meiner byrådet er for opptatt av disiplin.

- Dei gjer dette for at lærarane skal få meir autoritet. Byrådet bør bruka andre verkemiddel enn streng disiplin, meiner Irgens.

Byråd for barnehage og skule, Filip Rygg, understrekar at forslaget ikkje er innført ennå, men vedgår at dei ynskjer seg noko av den gamle disiplinen tilbake.

- Eg ynskjer å få tilbake noko av det skulen hadde, som ro og respekt for læraren. Samstundes skal me jo ha ein moderne skule der alle kjenner seg respekterte, seier Rygg.

Bør byrådet i Bergen innføra strengare ordensreglar i grunnskulen?

Velg ett alternativ

Siste: NRK Hordaland

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet

Nyhetsarkiv Hordaland