Hopp til innhold

Krev redningsplan for villaksen

I 12 av 13 lakseelvar i Hardangerfjorden er situasjonen for villaksen kritisk.

Laks på vei opp en foss.
Foto: Colourbox / PHOTOPQR/LA MONTAGNE

- Heilt fersk forsking viser at dette er dramatisk, og at både sjøauren og laksen i Hardangerfjorden no snart er borte, seier Odda-ordførar Gard Folkvord, .

Gard Folkvord
Foto: Egil Torheim / NRK

Fredag reiste til Oslo og møtte fiskeriministeren saman med dei andre Hardanger-ordførarane.

Dei fekk gjennomslag for å laga ein redningsplan etter møtet - men kva konkret som vil skje, er enno uavklart.

Det er Havforskingsinstituttet som har laga rapporten, som har vekt stor oppsikt og som kjem berre dagen etter at Mattilsynet gjekk ut og åtvara mot å eta mellom anna brosme frå Hardagnerfjorden på grunn av for mykje kvikksølv.