Hopp til innhold

Meth-bruk skal hjelpa psykose-forsking

– Målet er å finne ein fellesnemnar i hjernen til dei som blir psykotiske.

Amfetamin er lett å få tak i
Foto: Tone Iversen / NRK

Psykologspesialist Else-Marie Løberg trur svaret på gåta kan ligga delvis i å sjå på korleis folk taklar rusmiddel som til dømes amfetamin.

- Vi veit at nokon blir psykotiske etter stoffmisbruk, og andre ikkje.

Derfor er det bergensforskarane no vil undersøka kva som utløyser desse skilnadane i hjernefunksjonen.

Fleire unge med psykosar

Tidlegare denne veka kunne NRK Hordaland fortelja at svært mange innleggingar av unge på psykiatriske sjukehus her i landet, skuldast metamfetamin.

LES ÓG: Fleire unge med psykoser

Dette stoffet er ifølgje ekspertar farlegare enn "vanleg" amfetamin, og ikkje minst aukar det faren for psykose.