Knappetunnelen opnar fredag

Etter to utsetjingar opnar den etterlengta Knappetunnelen fredag ettermiddag.
Foto: Statens Vegvesen- Me kan garantera at frå og med i morgon vil det vera slutt på ettermiddagskøane i området, seier prosjektleiar i Statens Vegvesen, Ottar Midtkandal.
Publisert 09.09.2010 16:28.
- Skriv ut
Torsdag var den siste avgjerande brikka på plass for byggjetrinn 1 på Ringveg Vest. Dermed kan den 2,6 kilometer Knappetunnelen frå Dolvik til Sandeide opna, og trafikkantar vil sleppa å stå i kø til og frå Kokstad-Sandsli-området.
- Det er godt å endeleg få opna tunnelen. Eg har sove relativt bra, men nokre vakenetter har det sjølvsagt vorte, seier den blide prosjektleiaren i Statens Vegvesen.
Sikker tunnel
Byggjinga av Knappetunnelen starta 1. august 2006. Opninga skulle i utgangspunktet vera 25. juni i år, men på grunn av for dårlege tunnelveggar vart opninga utsett. Også den planlagde opninga i august måtte utsetjast. Denne gongen vart ikkje tunnelen tryggleiksgodkjent.
- Klokka 12 i dag fekk me endeleg godkjent tryggleiken, så då kan me opna tunnelen, seier Midtkandal.

Ottar Midtkandal i Statens Vegvesen.
NRK- Med over 100 overvakingskamera er tunnelen no ein av dei sikraste i landet.
Markering fredag
Vegeigar Hordaland Fylkeskommune legg opp til ei lita opningsmarkering fredag ettermiddag. Her vil fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg ynskja dei første bilistane god tur gjennom tunnelen, saman med byrådsleiar Monica Mæland og byråd Lisbeth Iversen.
Det første trinnet av Ringveg Vest som no står klar, går mellom Dolvik og Sandeide. Byggjetrinn 2 skal etter planen starta ved årsskiftet og vil ta for seg strekninga Sandeide - Liavatnet. Tredje og siste byggjetrinn vil verta mellom Flyplassveien - Dolvik.

Med over 100 videoovervåkingskamera vert Knappetunnelen ein av Noregs sikraste tunnelar.
Foto: Statens Vegvesen
Fakta: Ringveg Vest
- Er ein del av ringvegsystemet i Bergen.
- Total lengde ti kilometer, av desse er åtte kilometer tunnel
- 4-felts hovudveg og to tunnelar (to felt i kvar retning)
- Fem kryss
- Total kostnad (2005): ca. 2,7 milliardar kroner
- Byggjestart byggjetrinn 1: august 2006
- Opning av byggjetrinn 1: 10.september 2010
Kjelde: Statens Vegvesen
Siste: NRK Hordaland
Nyhetsarkiv Hordaland
Ni bilvrak funne i sjøen - FrP seier ja til bompengar
- Distriktselevane slit
- Frykter nedleggelse
- Refleksaksjonen som tok helt av
- – Viktigst at pårørende takket ja
- Ruspåvirkede førere stort problem
- 3 av 10 seter solgt i Eliteserien
- Bergen vinner – Hardanger taper
- Stor skilnad på bensinprisen
- 36 år gammel mann døde i ulykke
- Hurtigrute-TV er norsk kulturarv
- Mann til sykehus etter boligbrann
- Moteduo fra Bergen fikk designpris
- – Kunne mistet synet
- Vil rehabilitere Møhlenpris skole
- Danske blir ny festspilldirektør
- Kvinne døde etter kollisjon
- Har samlet inn DNA i Os
- En person omkom i møteulykke
- Vil gi bort «fuktskadd» miljøbombe
- Trafikkulykke på Haukeli
- Fortsatt kritisk for to skadde
- Frontkolliderte i tunnel
- Snøværet skaper trafikkaos
- Bergensluften kan bli enda verre
- Båt med tre tok inn vann
- Mann og kvinne kritisk skadd
- – Frp må si nei til økte bompenger
- Til sykehus etter utforkjøring
- Evakuerte folk på grunn av brann
- Tyver sendte redningsskøyte på rek
- Lagrer kulde og varme i bakken
- Nytt damanlegg på Gullfjellet
- Sykdom og bråk i Black Sabbath
- Storma ambassadar etter granatåtak
- - FN stemmer over Syria-resolusjon
- Kutter ned på gass-leveranser
- Dømt for beføling av mindreårig
- Armstrong slepp tiltale
- Jente ranet ved Nygårdsparken
- Bompenge-krangel mellom H og Ap
- 310 kanselleringar for Hurtigruten
- 12 års fengsel for drapet på Askøy
- Togopprør mot 80-tallsvogner
- Navn på omkomne frigitt
- Vervet 222 i protest mot SV-leder
- Lars Vaular blir pappa i sommer
- Kastet ved på biler fra gangbro
- Død 8-åring framleis eit mysterium

Hoksrud støtter ja til bompenger





