11.02.2012
SISTE FRA NRK.NO

Fulle folk i sjøen ved Halhjem

Fulle folk i båt på Halhjem (Foto: Ketil Jordan/NRK)

Her vert dei seks henta inn av politiet.

Foto: Ketil Jordan/NRK

Gjeng med sterkt rusa personar forsøkte å ta seg ut med båt. Dei er no teke hand om av politiet.

Ein gjeng med godt fulle personar forsøkte i dag å komme leggje frå Halhjem fergekai i Os i ei fiskeskøyte.

– Me fekk melding om det rundt klokka 12 i dag. Då slo me redningsalarm med ein gong, då me frykta drukning, seier Svein Lyssand ved Hordaland politidistrikt.

LES ÒG: 31 døde på sjøen i fjor

Fall i sjøen

Fem av dei seks skal ha falle i sjøen då dei prøvde å ta seg ombord i båten. Etterkvart skal dei ha klart å komme seg opp i båten igjen, og ei stund forsøkte fortvila vitner å få dei seks inn til kaien igjen.

Då var ambulanse på staden, og politiet hadde bede om dykkarar frå Bergen. Det var då dramatisk på kaien, og Owe Frøland, redningsleiar ved hovudredningssentralen på Sola, frykta for livet til dei seks.

– Me håper me klarer å stogge dei, for dei har ingenting på sjøen å gjere, sa han då.

Mann vert køyrd vekk i ambulanse (Foto: Ketil Jordan/NRK)

Ein mann vart køyrd vekk i ambulanse.

Foto: Ketil Jordan/NRK

Svært rusa

Og no er dei seks henta inn. Fotograf Ketil Jordan, som var på staden, fortel om svært rusa folk.

– Den eine var så full at han omtrent ikkje klarte å stå på beina. Han er no køyrd vekk i ambulanse, seier han.

Siste: NRK Hordaland

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet

Nyhetsarkiv Hordaland