11.02.2012
SISTE FRA NRK.NO

30 leiligheiter utan vatn

Bergensarar mista vatnet etter leidningsbrot ved Fana gymnas.

Om lag 30 husvere er framleis utan vatn etter eit leidningsbrotet fredag kveld. Litt etter klokka 21 vart det oppdaga eit større brot på ein hovudleidning i Statsminister Michelsens gate.

- Dei fleste skal ha fått vatnet tilbare, men dei som bur nærmast leidningsbrotet er framleis utan vatn, seier Asbjørn Prestegård i Bergen kommune til NRK laurdag morgon.

- Sjølv om skadane på leidningen ikkje er fullt ut utbetra er det nok fleire som har tilgang til alternative vasskjelder, seier Prestegård.

Mannskap frå Bergen kommune har i heile natt jobba for å reparera leidningen. Dei har òg fått på plass ein vasstank til dei som har mista vatnet.

Siste: NRK Hordaland

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet

Nyhetsarkiv Hordaland