Hopp til innhold

Vil ha vestlendingar i ekspertgruppa

Utvalet som skal vurdere sjøkablar i Hardanger må vere representativt og inkludere vestlandsindustrien. Det meiner fylkesordføraren i Hordaland.

Torill Selsvold Nyborg

Torill Selsvold Nyborg, fylkesordførar i Hordaland, meiner Hordaland må vera representer i ekspertgruppa.

Foto: NRK

Regjeringa avgjorde tysdag at det skal gjerast ei ny uavhengig vurdering av sjøkablar som alternativ for kraftlinjer i Hardanger .

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen lova ei ny uavhengig vurdering av sjøkablar som alternativ for dei kontroversielle kraftmastene i Hardanger.

– Hordaland er i verdsklasse

Fylkesordførar i Hordaland, Torill Selsvold Nyborg, krev at denne ekspertgruppa òg må ha lokal forankring.

– Det som er viktig med eit slikt utval er at det er representativt, at regionen er med og at fagmiljøa både innanfor kraft og undervassteknologi er med. Det som er så supert er at Hordaland har begge desse kompetansemiljøa. Innanfor undervassteknologi er me i verdsklasse, seier fylkesordføraren.

– Vil det vere eit uavhengig utval viss det består av hordalandsfolk?

– Det er ikkje sikkert at det berre er hordalandsfolk, men kompetansemiljøa er her. NVE og Statnett vil nok også vere med, seier fylkesordførar i Hordaland, Torill Selsvold Nyborg.

LES OG: – Kun frykten for dårligere målinger som ligger bak | Føler seg framleis svikta av partiet | Trugar med politisk streik

Vestlandsmiljøa har erfaring

John Brottemsmo er analytikar i Bergen energi. Han meiner at ekspertgruppa må innehalde mykje teknisk kompetanse, frå ekspertar på høgspentskraft til geologar og biologar. Han trur mykje av kompetansen kan hentast frå subsea- og offshoremiljøet på Vestlandet.

– Ein har også lagt veldig mange røyrleidningar, både frå offshore-installasjonar til land i Noreg og til utlandet. Ein skulle tru at mange av utfordringane ville vere veldig like, seier John Brottemsmo.

Ministeren er avventande

Erna Solberg i Stortingets vandrehall

Erna Solberg

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

– Først og fremst meiner eg at dette bør vere eit utval som har høg fagleg kompetanse, men frå alternative miljø enn dei som allereie har vore inne, seier høgreleiar Erna Solberg.

– Eg trur ikkje adressa er det viktigaste, legg Solberg til.

Olje- og energiministeren vil førebels ikkje seie noko om kven som kan vere aktuelle for utvalet.

– Kven som skal vera med og konkrete mandat er noko me skal jobba noko meir med før me gjer det kjent, seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.

Les: Alt om kraftlina i Hardanger