Hopp til innhold

- Gjorde alt riktig

Kirsten Melkevik Otterbu frå Øystese sprang inn til nittande plass under dagens maraton i EM i Barcelona. Trenar, Stephan Plätzer, er svært nøgd med plasseringa.

Kirsten Melkevik Otterbu (t.h.) i maraton i EM
Foto: Poppe, Cornelius / Scanpix

Kirsten Melkevik Otterbu sprang over målstreken 11 minutt etter beste jente i dagens maraton i EM i Barcelona. Trenar Stephan Plätzer er godt nøgd med Otterbu som nådde mål etter 2 timar og 42 minutt.

- Ho har slått mange sterke jenter

Stephan Plätzer
Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Plätzer meiner Otterbu presterte svært godt i dagens konkurranse ut frå føresetnadene.

- Den største utfordringa i dag har nok vore å takle varmen. I tillegg har ho hatt problem med ein litt vond fot, seier Plätzer.

Trenaren trur òg at det har vore vanskeleg for Otterbu å stille i EM utan trenar med seg.

Sprang dobbelt så fort i andre del

Otterbu starta løpet noko varsamt, men i den andre delen av maratonen sette ho inn støtet.

- Ho gjorde alt riktig, slik som ho skulle. Me hadde planlagt at ho skulle ta det med ro i byrjinga. Det var mange jenter som gjekk på ein smell fordi dei byrja for hardt.

Halvveges i løpet var Otterbu nummer 36, men sprang seg opp til 19. plass i andre delen.

- No skal Kirsten få kvile av seg EM før me byrjar oppkøyring mot haustmaraton i slutten av august, seier Plätzer.