10.02.2012
SISTE FRA NRK.NO

Hoppa frå Puddefjordsbroen

Politi, brannvesen og ambulanse rykka ut då eit vitne ringte inn bekymringsmelding. Men badegjesten trengte ikkje hjelp.

Politiet fekk inn bekymringsmeldinga klokka 16.40 torsdag ettermiddag. Meldinga kom frå eit vitne som såg mannen som gjorde seg klar til å hoppe.

Politibåten, brannvesenet og ambulanse rykka ut til staden.

- Han ville ikkje seg sjølv vondt. Han skulle hoppe frå ein pilar tre meter over vatnet, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Preben Wallestad.

Etter det politiet kjenner til er det ikkje ulovleg å hoppe frå brua.

- Den 32 år gamle mannen sumde sjølv i land, seier Wallestad.

Siste: NRK Hordaland

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet

Nyhetsarkiv Hordaland