10.02.2012
SISTE FRA NRK.NO

Forbyr sauebjøller

SAU (Foto: Kleiven, Paul/SCANPIX)

Kommunelegen i Sveio forbyr ein bonde å bruke bjøller på sauene sine etter ein naboklage.

Kommunelegen i Sveio, Trond Wirkola, har gitt ein sauebonde pålegg om å fjerna bjøllene frå sauene sine. Det var naboen til sauebonden som bad kommunelegen ta affære og stogga det han meiner er uhaldbar støy. No har naboen fått medhald i at sauebjøllene er ei helseplage og sauebonden har fått brev i posten med beskjed om å fjerna bjøllene umiddelbart, skriv avisa Vestavind.

Har aldri høyrt om noko liknande

Leiar av lokallag for norsk sau og geit, Ole Andreas Våge, vart overraska over avgjersla til kommunelegen.

- Eg har aldri tidlegare høyrt at ein kommunelege har lagt ned forbod mot sauebjøller. Me har brukt dagen i dag på å finne ut om det eigentleg finnast heimel for eit slikt vedtak, seier Våge.

Nabokonflikt

- Saka handlar eigentleg om ein fastlåst nabokonflikt, seier Wirkola.

Kommunelegen trur ikkje dette er vedtak som kjem til å verte utbreidd.

- Dette vedtaket er meint som ei mellombels løysing og tanken er at vedtaket skal opphevast, seier Wirkola.

Vedtaket er, ifylgje kommunelegen, basert på kommunehelselova og med omsyn til støy og helseplager. Vedtaket skal ha skjedd i samråd med landbruksavdelinga.

- Ei fillesak

- Det er veldig synd at kommunen skal trekkast inn i ei slik fillesak. Når det blir gjort til ei kommunal sak reiser det ei rekkje prinsipielle spørsmål, seier Våge.

Våge stiller òg spørsmål ved bakgrunnen for vedtaket og etterspør støymålingar og andre undersøkingar.

- Denne saka burde ha blitt løyst mellom dei to naboane, og ikkje av kommunen, seier han.

- Folkehelsa kjem fyrst

- Det føreligg ei legeerklæring frå fastlegen til klagaren, og eg må fyrst og fremst ta omsyn til folkehelsa. Det er det som ein gang er min jobb, seier Wirkola.

I tillegg vonar kommunelegen at denne saka kan utløyse ein diskusjon om kor vidt det burde finnast ein standard på kor store sauebjøllene burde vere.

- Eg kan ikkje forstå at det kan komme så utruleg mykje støy frå desse bjøllene, seier Våge.

Wirkola syner til at korleis ein opplever støy er subjektivt.

- Medan bjølleklang kan vere musikk i bonden sine øyre, kan det av andre opplevast som negativt støy som skapar stress.

Siste: NRK Hordaland

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet

Nyhetsarkiv Hordaland