10.02.2012
SISTE FRA NRK.NO

Åtte nye veker i varetekt

Montasje Trond Kristian Johannessen (Foto: NRK/politiet)

Bergen tingrett bestemte i dag at mannen som er sikta for drapet på Trond Kristian Johannessen får åtte nye veker i varetekt.

Foto: NRK/politiet

Mannen som er sikta for Laksevågdrapet fekk i dag åtte nye veker i varetekt.

I dag handsama Bergen tingrett vidare fengsling for mannen (35) som er sikta for knivdrapet på Trond Kristian Johannessen 25. juni i år.

Mannen har tilstått drapet, og samtykka til vidare fengsling. Han fekk åte nye veker i varetekt, som var det politet ba om.

Saka vart handsama som som kontorforretning utan muntleg forhandling.

Mykje står att

– Det er enno mykje som skal etterforskast. Det er jo ei drapsak, så det er omfattande, seier politiinspektør Svein Erik Krogvold.

Han vil ikkje gå i detaljer i kva politiet skal sjå på i tida framover.

LES ÒG: Utvida fengsling for Laksevågdrapet | - Har det ikke godt nå

Tilsto drapet


Opprinneleg var både mannen og bror hans (29) sikta for drapet, men etter at mannen tilsto drapet fredag 2. juli, vart broren lauslatt.

4. juli fann politiet stikkvåpenet som truleg vart nytta i drapet.

Siste: NRK Hordaland

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet

Nyhetsarkiv Hordaland