Hopp til innhold

2010: Eit svart år for Bergensbanen

2010 er det verste året for Bergensbanen på sju år. I mars var annakvart tog forseinka.

Bergensbanen
Foto: Rolf M Sørensen, NSB

2010 er så langt det året med flest forseinka tog sidan 2004 på strekninga. Lenger bak går det ikkje an å sjå, fordi det før det ikkje vart ført statistikk over kor presise toga var.

Annakvart tog kom for seint

Mars var den verste månaden for Bergensbanen. Denne månaden kom annakvart tog for seint.

LES ÒG: Dårlig toglinje på Gjøvikbanen kan gi færre togavganger

Ikkje berre Bergensbanen

Utviklinga har vore negativ òg på dei andre langdistansetoga.

- Fram til 2009 har det vore ei gradvis forverring, seier informasjonssjef Kjell Bakken i Jernbaneverket.

Jernbaneverket hevdar utviklinga snudde i 2009, og at det då gjekk mot ei betring i talet på seine tog. Men i 2010 har sinte passasjerar over heile landet igjen klaga over tog som ikkje kjem når dei skal. Det har ikkje vore så gale på 11 år som det er i dag.

LES ÒG: Busstrøbbel for tog | Avvist av NSB – kjørte 50 mil i rullestol

Skuldar på streng vinter

Jernbaneverket legg skulda for dei seine toga på er gamal infrastruktur og den harde vinteren.

- Det var ein uvanleg streng vinter med ein lang kuldeperiode, seier Bakken.

Kan ta lang tid å nå målet

Det kan ta fleire år før ein når målet om 90 prosent punktlege tog.

- Det er mange år med manglande vedlikehald som ein må ta att. Det er ikkje gjort på eitt år å få opp standarden på desse anlegga, seier Bakken.

LES ÒG: Rekordmange reiser kollektivt

Satsar på jernbane

Regjeringa har skrytt av tidenes satsing på jernbane. Statssekretær Lars Erik Bartnes i samferdselsdepartementet tykkjer ikkje statistikken er god.

- Det er for dårleg at så mange tog er for seine. Dette har me tenkt å få gjort noko med, og det er me òg fullt i gang med. Me brukar no betydelege midlar for å setje i stand jernbana, seier Bartnes.