Hopp til innhold

Fullt hus for Muse

Supergruppa Muse inntok Bergen. Og me fekk treffe Matthew Bellamy, mannen som «er» Muse.

I dag entra superbandet Muse Koengen i Bergen. Gruppa frå Storbritannia er kjend for spektakulære lysshow og tunge gitarriff.

Og med lysrigg i millionklassen er det best å få ein god publikumsplass. Det tenkte i alle fall Marie Nilsen og Cecilie Andersen, som hadde reist heilt frå Mosjøen for å sjå heltane.

Tolv timar i kø

– Me har stått her sidan klokka åtte i dag morges. Me ville vera fyrst. Og det vart me og, seier Nilsen.

– Kva er det som gjer at de vil stå her i fleire timar og vente?

– Dei er jo verdas beste liveband, så det vil me jo sjå og høyre. Og så er det vår fyrste konsert, seier ho.

– Er det nokon spesielle sanger de vil høyre?

– Eg veit ikkje, eg gleder meg til alle. Alle er jo bra!

Muse i Bergen

Publikum hoppa i takt med musikken.

Foto: Aleksander Vallestad

– Verdas beste liveband

Òg dei med noko kortare reiseveg ville sikre seg gode plassar. Thomas Soltvedt, Henning Straume og Jakob Hus kjem i frå Åsane i Bergen.

– Me kom i ellevetida i dag, så me har vore her ei stund, seier Soltvedt.

Dei er klare på kvifor det er verdt å vente så lenge på trioen.

– Du har alt frå ekstremt bra rock som ingen andre kan lage maken til, til roleg musikk der dei greier å gjere så mykje utav alt, seier Straume.

– Dei speler musikk som mellom anna er inspirert frå klassisk. Dei speler så forskjellige sjangre, frå klassisk til rock. Eg har store forventingar, for eg har høyrt at Muse er eit av verdas beste liveband, seier Hus.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Bergen minner om heimbyen

NRK fekk møte vokalist, gitarist og pianist i bandet, Matthew Bellamy, backstage like før konsertstart. Han var glad for å vera tilbake i Bergen.

SJÅ HEILE INTERVJUET HER

Video Matthew Bellamy i Bergen

– Me spelte her for fleire år sidan, det var faktisk ein av våre fyrste spelejobber ute i Europa, seier han.

Då spelte dei på Garage, året vart 2001, og dei hadde ein langt mindre tilhengerskare enn i dag. Då underhaldte dei 350 fans, og fem år etter fylde dei opp Webley Stadium i London to konsertar etter kvarandre.

– Eg hugser at me hadde mykje tekniske problem, men publikum var fantastiske, seier han.

Han fortel at dei har hatt mange gode spelejobber i Oslo, men at det er ekstra gøy å komme til Bergen.

– Byen minner meg om den byen eg kjem frå i England.

Muse i Bergen

Matthew Bellamy var glad for å komme tilbake til Bergen som store stjerner.

Foto: Aleksander Vallestad

Spenstige nordbuarar

Fans har hatt høve til å ønskje seg låtar på nettsida til bandet. Og han meiner at dei skandinaviske landa skiljer seg ut frå resten av Europa i kva dei ønskjer seg.

– Sør i Europa ønskjer dei seg gjerne meir rolege låter. Her ønskjer dei seg låten «Bliss», så kanskje folk her likar å hoppe litt meir, seier Bellamy lattermildt.

Og det fekk hoppe. 20.000 publikummarar hadde teke turen til Koengen, og med solnedgangen i ryggen og ein kunstig soloppgang foran seg fekk dei eit forrykande show.

Muse i Bergen

Heftig lysshow på Koengen.

Foto: Aleksander Vallestad