Hopp til innhold

-Skremmande mange born stikk av

Barnevernsborn i Hordaland har rømt over 400 gongar i år. Skremmande, meinar barneombodet.

10-åring alene ute midt på natta

Den ti år gamle guten vart funnen langs E 16 på Voss klokka 3 om natta, sju kilometer i frå heimen han budde på.

Det varte oppsikt då NRK førre veka fortalte om Kjell og Veronica Kallestad, som fann ein tiåring langs E 16 på Voss klokka 3 på natta. Guten hadde då stukke av i frå barneheimen han budde på.

Men han er langt frå den einaste.

Over 400 tilfeller

Om lag 100 born bur på institusjon i Hordaland.

Sidan nyttår har desse borna til saman blitt meldt til politiet som "uteblitte frå institusjon" meir enn 400 gongar.

Det vil sei at dei har stukke av, eller at dei ikkje dukkar opp når dei skal.

– Dette er høge tal

Leiar for operativ seksjon i Hordaland politidistrikt, Ragnar Lyssand, finn mange innrapporterte rømningar i registeret sitt.

– Går eg inn i vaktjournalen vår, og tek eit utsnitt i frå 1. januar og til i dag, så finn eg over 400 registrerte oppdrag. Det er eit høgt tal, seier Lyssand.

– Sett i frå politiet si sida, så ser me at barnevernet har ei stor utfordring her, avsluttar politimannen.

Voss familie - og barnevernsenter

Det var i frå barneheimen på Voss ein tiåring stakk av midt på natta.

Foto: Daniel Melve Kvarme / Avisa Hordaland

– Grunn til å vera bekymra

Tala er urovekkjande, meinar fungerande barneombod Knut Haanes.

– Dette er skremmande høge tal, seier Haanes, som meinar tala gjev grunn til å vera bekymra for borna som stikk av.

Er situasjonen, slik den er i dag, haldbar?

- Den verkar veldig dramatisk for enkelte. Og det er klart, ein rømmer ikkje av for moro skuld. Ein stikk av fordi det er noko ein manglar, saknar eller noko som ikkje

Knut Haanes

Fungerande barneombod, Knut Haanes.

Foto: Elvi Rosita Norvang / NRK

fungerar godt nok, seier barneombodet.

– Og kva det er, er viktig å finne fram til. Desse borna har krav på god omsorg, slår Knut Haanes fast.

– Ikkje reelle rømningar

Direktør i Bufetat region vest, Borghild Lekve, meinar at tala ikkje viser reelle rømningar.

– Det me definerar som rømning, kan både vera at personen reiser i frå

Direktør for region vest i Bufetat, Borghild Lekve

- Ikkje reelle rømningar, meinar direktør Borghild Lekve.

Foto: Bufetat / pressefoto

institusjonen utan lov, men også at vedkommande ikkje kjem heim til avtalt tid, fortel Lekve.

– Eg vil tru at ein stor del av desse meldingane er knytt til denne typen situasjonar. Nokre av ungdommane våre har store utfordringar, og det kan vera årsaka til at dei uteblir i frå avtalar ei rekke gongar.

LES MEIR: Ingen vakne då gut (10) rømte ; Kaller inn barnehjemmet på teppet ; Vil ha svar om 10-åring på avvegar ; som fann ein tiåring langs E 16