10.02.2012
SISTE FRA NRK.NO

Usikkert om over 3400 brev med pasientopplysingar er sende ut

Haukeland universitetssykehus (NRK)

Pasientbrev-glippen i Helse Bergen aukar i omfang.

På grunn av ein datafeil kan 3431 brev med pasientopplysingar ikkje ha blitt sende slik dei skulle i Helse Bergen.

Forseinka tilvisingar og NAV-utbetalingar

Breva det er snakk om skulle vore sende ut i tidsrommet mellom 26. april og fram til midten av juli.

For det meste dreier det seg om pasientinformasjon som skulle til fastlegar og anna helsepersonell, skriv helseføretaket på sine nettsider.

Anne Sissel Faugstad (Foto: Alrik Velsvik/NRK)

Anne Sissel Faugstad i Helse Bergen.

Foto: Alrik Velsvik/NRK
- Dei manglande utsendingane kan ha ført til forseinka tilvising til nye legetimar, og forseinka NAV-utbetaling for dei pasientane det gjeld, fortel viseadministrerande direktør Anne Sissel Faugstad i Helse Bergen til NRK Hordaland.

- Ingen alvorlege medisinske konsekvensar

Helse Bergen har gått gjennom alle breva og pasientane det er snakk om, og kontakta desse via nye brev eller per telefon.

Faugstad seier at det ikkje ser ut til at datafeilen har fått alvorlege medisinske konsekvensar for nokon av dei det gjeld.

- Me har vurdert at det ikkje har vore nokon medisinsk farlege situasjonar, utifrå årsaka til at pasienten har vore til sjekk i utgangspunktet, seier Faugstad til NRK Hordaland.

Aukar i omfang

9.juli var første gongen det blei kjent at Helse Bergen hadde problemer med utsendinga av pasientbrev. Då var det snakk om 1654 brev som ikkje var blitt sende. Nå er talet altså meir enn dobla.

Helseføretaket la om til eit nytt pasientjournalsystem for tre månadar sidan. Det er i det nye systemet glippen har skjedd, og Faugstad seier dei ser alvorleg på at det ikkje har fungert som det skulle.

- Me har logga at det skal ha fungert greitt, men så har det vist seg at det ikkje har gjort det.

- Nå har me retta opp att desse feila, og gått gjennom alle dokumenta som knyttar seg til denne feilen, seier Faugstad til NRK Hordaland.

(NRK Hordaland)

Siste: NRK Hordaland

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet

Nyhetsarkiv Hordaland