Hopp til innhold

Kjempar om grill-gull i helga

Laurdag går NM i grilling av stabelen i Oslo.

Laget Barbie Q deltek på grill-NM i helga

Tres Diablos frå Akershus gjekk til topps i NM i fjor. Dei stiller igjen i år, denne gongen under namnet Barbie Q.

Foto: Caroline Bækkelund Ellingsen

I konkurranse med 150 grillentusiastar frå heile landet skal eit lag frå Bergen kjempe om å bli Noregs beste grillarar.

– Strategien er klar, seier Lena Yri Engelsen på laget «Lena og Michael».

– Me har fordelt arbeidsoppgåvene, så no er me godt førebudde.

Michael Owen førebur seg til NM i grilling

Laget 'Lena og Michael' satsar på NM-gull i grilling, Michael Owen har trent heime i hagen.

Foto: Lena Yri Engelsen

Ho fortel at kjærast og lagkamerat Michael Owen er frå Australia og er godt van med å grille.

– Australiarar grillar året rundt. Eg trur erfaringa til Michael kan koma godt med på laurdag.

Hemmeleg oppskrift

Med på laget er også venninna Vigdis Ekpete. Dei tre grill-entusiastane satsar på at dommarane vert imponert av deira grillmat med asiatisk preg. Engelsen kan òg røpe at dei har sikra seg ei svært spesiell oppskrift på grill-tilbehør frå mormora hennar i Sogn.

– Oppskrifta er svært hemmeleg, men etter litt godsnakking fekk me tak i den.

(Artikkelen forts.)

Førebuing til grill-NM

Vigdis Ekpete og Michael Owen gjer dei siste førebuingane før grill-NM i helga.

Foto: Lena Yri Engelsen

– Folkeleg meisterskap

30 lag er påmeldt til det arrangørane sjølve kallar eit av Noregs mest folkelege meisterskap. I grill-NM får amatørar sjansen til å konkurrere mot profesjonelle.

– Årets deltakarar er over gjennomsnittet interessert i grilling, så dette kan bli det jamnaste og mest spennande grill-NM nokonsinne, seier arrangør Bjørn Tore Teigen frå MatPrat, Opplysningskontoret for egg og kjøtt.

Bjørn Tore Teigen ved Opplysningskontoret for kjøtt

Arrangør Bjørn Tore Teigen, lovar ein folkefest av eit noregsmeisterskap.

Foto: Morten Holm / Scanpix

Han gler seg til å sjå korleis deltakarane løyser dei ulike oppgåvene.

– Folkefest

Årets NM vert arrangert på Grünerløkka i Oslo. Konkurransen startar allereie klokka åtte om morgonen og varer utover ettermiddagen til det vert kåra ein vinnar.

Det heile er svært publikumsvenleg, forklarer arrangør Teigen.

– Dette er ein folkefest av eit noregsmeisterskap. Publikum får vere med fagdommarane og smake seg fram til landets beste grillarar.

Grillskule og smaksprøvar

Laga skal levere ferdige grillrettar ein gong i timen. Det vert konkurrert i fem kategoriar, burger, grilltallerken med kylling, spareribs, grillsaus, samt ei spesiell utfordring som er hemmeleg fram til konkurransen startar.

Parallelt med noregsmeisterskapet vert det arrangert grillskule for born, og publikum får utdelt smaksprøvar og gratis pølser.

Arrangementet startar i Birkelunden på Grünerløkka i Oslo laurdag klokka 10.