Hopp til innhold

Ønskjer internasjonal ekspertise i kraftlinje-strid

Internasjonale ekspertar må inn for å løyse striden om kraftlinja gjennom Hardanger. Det meiner Os-ordførar Terje Søviknes.

Terje Søviknes
Foto: Nejad, Arash A. / SCANPIX

Han får støtte av ordførarar-kollegaene i Hardanger.

I går møtte dei Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen i eit møte på Flesland. Der fekk Søviknes vite at hans kommune er den første som kan bli mørklagt om de skulle oppstå problem med straumforskyninga til Bergensområdet.

– Det er inga lystig melding å få, seier han.

Søviknes legg vekt på at ei mørklegging av kommunen om vinteren vil få store følgjer for sjukeheimar og eldre som då ikkje vil ha andre alternativ enn vedfyring.

– Det kan bli ein riktig krisesituasjon, seier han.

Kritisk til Statnett

I Hardanger er det stor motstand mot å byggje ei kraftlinje i luftspenn slik Statnett ønskjer.

Både fylkeskommunen og hardangerordførarane stiller seg undrande til kvifor Statnett ikkje har gjort rede for eit alternativ med sjøkabel gjennom Hardangerfjorden.

Mona Hellesnes

Ordføraren i Ulvik er kritisk til Statnett si rolle i konflikta rundt kraftlinja.

Foto: Ole Morten Melgård

Ordførar i Ulvik, Mona Hellesnes, er svært kritisk til Statnett si rolle.

– Me har opplevd at me ikkje får reell diskusjon rundt det som burde vore drøfta, nemleg dei ulike alternativa. Det har vore eit ikkje-tema hos Statnett, dessverre.

No stiller ho seg bak forslaget om å kople inn internasjonale ekspertar som kan sjå på den fastlåste konflikta utanfrå.

Statnett beklager

Auke Lont konsernsjef i Statnett

Statnett forsikrar at dei ikkje har nokon skjult agenda.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Konsernsjef i Statnett, Auke Lont, er klar over at det har blitt sådd tvil om habiliteten til selskapet. Han forsikrar at dei ikkje har nokon skjult agenda.

– Me har berre eit motiv, og det er å sikre straumforsyninga til Bergen.

Likevel vedgår konsernsjefen at kommunikasjonen med innbyggjarane i Hardanger har vore for dårleg.

– Det beklager me, og det er noko me kanskje må ta litt lærdom av.

Han trur ikkje utanlandske ekspertar vil kunne endre noko på utfallet av konflikten.

– Det er ikkje slik at me ikkje kan dette. Eg trur faktisk me representerer ekspertisen på dette området, seier han.

Terje Riis-Johansen

Energiminsteren vil ikkje spekulere i utfallet av konflikta.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX
– Full tillit

Energiminister Terje Riis-Johansen har full tillit til Statnett og vil ikkje hyre inn utanlandsk kompetanse for å finne ei løysing på konflikta rundt den såkalla «monsterlinja» i Hardanger.

Han har det siste ordet i saken, men vil ikkje seie noko om kva tankar han har om korleis konflikta vert løyst.

– Eg vil ikkje spekulere i ulike konklusjonar før avgjerda er tatt.

Godtek berre sjøkabel

Astrid F. Selsvold

For ordføraren i Kvam herad, er berre sjøkabel eit alternativ.

Foto: NRK / NRK

For ordførar i Kvam Herad, Astrid F. Selsvold, er det berre eit alternativ som vil verte akseptert.

– Kabel er det einaste reelle alternativet. Det handlar om kor stor pris staten set på Hardangerlandskapet, Noregs største frukthage, med alt det inneber.

Selsvold meiner det må ekstra pengar på bordet for å ta vare på naturen i området der kraftlinja er planlagt. Men ho er redd for at konflikta vert oppfatta som ein kamp mellom kraftkommunar i Hardanger og bergensarar som manglar straum.

– Me har full forståing for at Bergen treng denne krafta og har ikkje sagt nei til ei slik forsyning, seier ho.

– Me har sagt ja, men det kostar noko ekstra og det er ein sjøkabel.

– Nye synspunkt viktig

Sjølv om hans eiga kommune er svært utsett dersom arbeidet med den nye kraftlinja vert forseinka, støttar altså Søviknes kampen til ordførarane i Hardanger. Han trur at ekspertise frå utlandet, ville vore til stor hjelp.

– Det er alltid viktig å få inn nye synspunkt ved store konfliktar og fastlåste saker, seier Søviknes som i går representerte fylkeskommunen på møtet.