10.02.2012
SISTE FRA NRK.NO

Bergen-Voss på under 4 timar

bergen-voss 2010 (Foto: Pål Bentdal )

Opplagde syklistar på veg til Voss.

Foto: Pål Bentdal

Ny rekord i sykkelrittet Bergen-Voss.

Første pulje i sykkelrittet Bergen-Voss fekk god medvind, og kunne susa i mål på under fire timar.

Det er ny rekord, melder Bergens Tidende

Alle som fullførar sykkelrittet på beste tid vert rekna som vinnarar, difor vil ingen enkeltperson stå som ny rekordhaldar, då alle dei tjue i første felt vil få same tid.

Den forrige rekorden var på 4.02,01 og var i frå 1995.

Bergen-Voss 2010 (Foto: Pål Bentdal)

Mange syklistar starta i Bergen laurdag morgon.

Foto: Pål Bentdal

Fleire uhell

Ein 67 år gammal mann vart innlagt til observasjon på Haukeland med lettare skader etter eit sykkeluhell i Arna, fortel politiet til NRK.

Det har så langt vore tre uhell i sykkelløpet Bergen - Voss, som starta laurdag morgon.

Ingen av syklistane skal vere alvorleg skadde.

LES OGSÅ: Klart for Bergen-Voss

Siste: NRK Hordaland

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet

Nyhetsarkiv Hordaland