Hopp til innhold

Trappar opp streiken

Konflikten spissar seg når fagforeningane tek ut nær 28.000 nye medlemar i streik. No vert alle skulane og bornehagane i Bergen råka.

Robert Rastad

TRAVEL MANN: Informasjonsdirektør Robert Rastad får dobbelt så mange streikande å handskast med.

Foto: Aleksander Vallestad

I dag gjekk 17.000 tilsette i kommunane og i helsevesenet ut i streik. Bergen er hardast ramma i heile landet med 2500 tilsette i kommunen og 142 i Helse Bergen. Òg i Askøy, Kvam, Kvinnherad og Os er fleire teke ut i streik.

LES ÒG: Bergen hardest rammet av streik | – Bekymra for akutthjelpa

Det får store konsekvensar for folk flest. 13.000 elevar i Bergen står i dag utan undervisning, 1500 born står utan bornehage, kommunen får ikkje betalt rekningane sine og frå måndag vert ikkje bosset henta.

Stor opptrapping

Og no vert altså antal streikande auka drastisk. Frå onsdag 2. juni vert over 27.000 medlemar i Unio, Fagforbundet og YS-Kommune teke ut i konflikt. Då vil i alt over 46.000 vera ute i streik.

- Det er eit omfattande arbeid å vurdere konsekvensane av opptrappinga, men me kan allereie no slå fast at det vil få svært store følgjer for kommunen si drift frå onsdag av, sier informasjonsdirektør i Bergen kommune, Robert Rastad.

LES ÒG: Hentar ikkje boss | Kan verte parkeringskaos | Utnytta parkeringsstreiken

For Bergen vert råka hardt òg i neste trinn. I Hordaland vert 4700 teke ut, 4000 av desse er i Bergen.

– Me får nær 6000 av våre tilsette i streik, og det er massivt. Den største utfordringa er at me ikkje kan ha ordinær drift. Heile vår organisasjon er laga for å serve bergensarane, seier han.

Streikevaktar utanfor NAV i Bergen

- Me får for det meste positiv tilbakemelding frå publikum, seier streikevaktane utanfor NAV i Bergen.

Foto: Aleksander Vallestad

Alle skulane i Bergen råka

– Me har fått ein svær telefonkatalog med namn, og det ser ut som om alle kommunale bornehagar og skular vert råka, seier Rastad.

Han fortel han håpar at nokre barnehagar framleis kan ha tilsynsordninga som har vore i dag, og at nokre skulefritidsordningar kan ha ope.

Vurderer permisjon

Med så mange tilsette i streik, går det òg ut over dei tilsette som ikkje streikar. No vurderer kommunen å permittere dei resterande tilsette.

– Me har sendt ut betinga permisjonsvarsel tidlegare. Men no må me fyrst og fremst vurdere konsekvensane, og så må me sjå på dette etterkvart, seier informasjonsdirektøren.

4700 nye i streik:

  • Fagforbundet: 1757 kommunetilsette i Bergen.
  • UNIO: 2388 kommunetilsette og 283 tilsette i Helse Bergen.
  • YS-Kommune: 245 kommunetilsette i Bergen kommune og 25 i Os kommune.

Her kan du sjå kva verksemder som vert teke ut:

Verksemder Fagforbundet | Verksemder UNIO (inkludert dei som alleriere er teke ut)

Og her er det streik i dag:


Bornehagar i Bergen (24)
Apeltun barnehage
Arna familiebarnehage
Arnatveit barnehage
Bekkjakrokane barnehage
Blokkhaugen barnehage
Bogane barnehage
Ervik barnehage
Flaktveit barnehage (Tilsynsordning)
Idavollen barnehage
Kloppedalsveien barnehage
Langerinden barnehage
Liakroken barnehage
Morvikbotn barnehage
Rolland barnehage
Rådalslien barnehage (Tilsynsordning)
Salhus barnehage (Tilsynsordning i tre dager)
Sandalsbotn barnehage
Skjold barnehage (Tilsynsordning for barn 3-6 år)
Storetveit barnehage
Trollskogen barnehage
Ulsmåg barnehage
Ulvhøyen barnehage
Vallalia barnehage
Ytre Arna barnehage

Skular i Bergen (51)
Apeltun skole
Arna yrkesskole
Blokkhaugen skole
Breimyra ungdomsskole
Eidsvåg skole (SFO åpen. Klasse 2B får undervisning.)
Fana gymnas
Flaktveit skole
Garnes skule (SFO åpen etter skoletid)
Garnes ungdomsskule
Garnes vidaregåande skule
Helldal skole
Haugland skole
Haukedalen skole
Haukås skole
Hop skole
Hordvik skole
Indre Arna skule
Kaland skole (SFO holder åpent)
Kalvatræet skole
Kirkevoll barne- og ungdomsskole
Kringlebotn skole
Krokeide skole
Kyrkjekrinsen skole
Li skole
Lone skule
Marikollen skole
Midtun skole
Mjølkeråen skole
Nattland skole
Nordvik skole (SFO delvis åpen)
Paradis skole
Riple skule
Rolland skole
Rådalslien skole
Salhus skole
Smørås skole
Skjold skole
Slåtthaug skole
Slåtthaug videregående skole
Stend vidaregåande skule
Storetveit skole
Tertnes skole (SFO holder åpent)
Tertnes videregående skole
Trengereid skole (SFO delvis stengt)
U. pihl videregående skole
Ulsetskogen skole (SFO åpen etter skoletid)
Ulsmåg skole
Ytre Arna skole
Ådnamarka skule
Åsane vidaregåande skule
Åstveit skole
Sykehjem i Bergen (2)
Kolstihagen sykehjem
Midtbygda sykehjem

Sjukeheimar i Bergen (2)
Kolstihagen sykehjem
Midtbygda sykehjem