10.02.2012
SISTE FRA NRK.NO

Forbrenningsavgifta blir fjerna

Fjernvarmeanlegg (Foto: Hallgrim Hals/NRK)

Fjernevarmeanlegg

Foto: Hallgrim Hals/NRK

Regjeringa vil i revidert statsbudsjett fjerna avgifta på bossforbrenning. BIR vil dermed kunna spara 20 millionar kroner i året.

Tysdag vil finansminister Sigbjørn Johnsen presentera eit revidert budsjett der staten gir frå seg inntekta på «sluttbehandling for forbrenning av avfall». Avgifta er på 90 kroner per tonn, og staten gir dermed frå seg ei inntekt på 90 millionar kroner, melder BT.no. Avgifta vil bli fjerna frå 1. oktober.

BIR Avfallsbehandling AS er blant dei som vil tena på denne endringa.

Ingrid Hatland (Foto: Hallgrim Hals/NRK)

Ingrid Hatland er dagleg leiar i BIR Avfallsforbrenning AS.

Foto: Hallgrim Hals/NRK
– Dette er ei fantastisk god nyheit. Bransjen har jobba med dette i fleire år, og det er blitt jobba intenst med denne avgifta i godt og vel eit år. Me vil no få betre konkurransekraft og finansiell styrke til å kunna konkurrera om avfall som til no har hamna i Sverige, seier dagleg leiar Ingrid Hitland i BIR Avfallsbehandling til NRK.

Vil likevel ligga bak Sverige

Fleire renovasjonsselskap i kommunar utanfor Bergen har vald å senda avfallet sitt til forbrenning i Sverige i staden for å inngå avtale med BIR. Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap (NGIR) er blant desse.

LES OGSÅ: – BIRs anlegg er for dårlig

– Rammevilkåra er framleis betre i Sverige enn i Noreg, men dette hjelper på og det er ei veldig god byrjing, seier Hitland.

– Kjem denne endringa for seint?

– Både ja og nei. Ved to anbod me tapte var forskjellen mellom vårt og dei som vann sitt tilbod mindre enn det avgifta utgjer. Mange har no inngått kontrakt for fire år framover, så det er litt seint. Men det tenkjer me ikkje på i dag, i dag er me glade, seier Ingrid Hitland.

Kan gi lågare anbod

Ho opplyser at BIR vil kunna spara 20 millionar kroner i året når avgifta blir fjerna.

– Men sidan det ikkje skjer før 1. oktober så får me ikkje full utteljing i år.

– Me vil kunna komma med lågare anbod og me får finansiell styrke til å driva anlegget. Me har måtta kutta i kostnadar, men no kan me foreta nødvendig oppgradering og forbetringar, både miljø- og energimessig, seier Hitland.

Den norske avgifta på å brenna boss har blitt mykje kritisert. Mykje av kritikken har gått på at den undergrev satsinga på fjernvarme, melder BT.no.

Siste: NRK Hordaland

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet

Nyhetsarkiv Hordaland