Hopp til innhold

Suksess for psykebil

Stadig fleire psykisk sjuke i Norge blir henta av politiet. Men i Bergen er psykebilen ein suksess.

politibil
Foto: Illustrasjonsfoto: Cornelius Poppe / Scanpix

Ein eigen psykiatribil står no for rundt halvparten av all transport av psykisk sjuke på dag- og kveldstid i Bergen.

Det er ein stor fordel både for politi og pasientar, seier politiet og helsevesen.

Medan over 1000 psykisk sjuke hamna på glattcelle i Norge i fjor, går trenden motsatt veg i Bergen.

Stor fordel

Kvar månad frakter psykiatribilen mellom åtti og nitti pasientar. Dette er oppdrag som tidligare i stor grad måtte takast hand om av politiet.

Psykiatribilen har vore ein fordel ikkje bare for pasientane, men også i høgaste grad for politiet.

- Ei rekke av dei oppdraga politiet har vore tilkalla til når det gjeld psykiatriske pasientar har det ikkje vore god grunn til at politiet skulle gjere, seier Hillestad.

Oppfordrar storbyane

Førebels er psykiatribilen berre i bruk kvardagar, men Helse Bergen vurderer no å utvida ordninga til også å omfatta helgane.

I andre delar av landet står politiet ennå for store delar av transporten av psykisk sjuke.

Guttorm Brattebø
Foto: Andreas Grimsæth / NRK

Seksjonsoverlege i akuttmedisin i Helse Bergen, Guttorm Brattebø, trur fleire helseføretak no vil gjere som Bergen.

- Det har vore stor interesse frå kollegar i andre delar av landet. Dei store byane har akkurat dei same problema som Bergen har hatt. Det er ikkje tvil om at det kjem til å bli etablert andre stader i landet også.

Betre for pasientane

Brattebø er ikkje i tvil om at det er betre for pasientane å bli henta av en meir anonym bil med godt kvalifisert personale.

- Det var ikkje noko bra for ein psykriatisk sjuke å bli frakta i ein politibil når somatisk sjuke blir transportert med ambulanse. Politiet er heller ikkje fagleg kvalifisert for å driva medisinsk transport og behandling, seier Brattebø.