Hopp til innhold

Køyrer lastebil ved hjelp av spak

Sven Erik Fonnes er lam frå livet og ned, men det stoppa ikkje draumen om å bli lastebilsjåfør.

Sven Erik Fonnes
Foto: Kjetil Rydland / NRK

Då han var 19 år gammal blei Sven Erik Fonnes skadd i ei bilulukka. 19-åringen blei då lam frå livet og ned.

Med god hjelp har han likevel greidd å ta lastebil-sertifikatet, og fredag fekk han for første gong prøva lastebilen arbeidsgivaren Byrknes Auto har fått spesiallaga til han.

– Det er ei flott kjensle, å endeleg få bilen og ikkje minst å kunna køyra aleine etter kvart. Det blir godt å komma i gang, seier Fonnes når han sit i bilen for første gong.

Sven Erik Fonnes

Sven Erik Fonnes på første køyretur i lastebilen sin.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Hjelp frå svogeren og Nav

– Eg lufta ideen for svogeren min som eig Byrknes Auto, og han sa til meg at eg berre skulle ta sertifikatet, så skulle han kjøpa bil til meg. Eg tok sertifikatet heilt i slutten av 2008 og januar 2009 var bilen bestilt, fortel 29-åringen.

Han er takknemleg for all hjelp han har fått på vegen.

– Utan svogeren min hadde eg aldri fått det til. Nav har også vore med på det frå byrjinga av, og dei har vore fantastiske, seier Sven Erik Fonnes.

– Er dette ein unik lastebil?

– Det er den første Scaniaen som er bygd om slik som dette, og det er truleg den første handikap-lastebilen i Europa som er laga slik at ein kan køyra semi med den òg, seier Fonnes.

Prislapp på over 2,5 mill.

Ekstrautstyr i Sven Erik Fonnes sin lastebil

På denne spaken er både gassen og bremsa plassert.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Ein viktig del av ekstrautstyret er ein spak som styrer både bremsa og gassen. Ved å pressa spaken fram bremsar han, og når han drar den bak gir han gass. På stoppen av spaken er det knappar som styrer blinklysa og langlys, og fløyta er også lokalisert på toppen av spaken.

Prislappen på lastebilen har Fonnes ikkje full oversikt over, men det har truleg overstige 2,5 millionar kroner.

– Det har vore ein lang veg og mykje venting, men når eg ser resultatet så er det verdt all ventinga. Det blei over all forventing, det er så flott inni her, så her kan eg trivast i mange timar på lange arbeidsdagar. Eg vil bli her til eg går av med pensjon, smiler Fonnes.