Hopp til innhold

Tatt med 300 LSD-tabletter

Ein mann i 30-åra blir i dag begjært varetektsfengsla etter at politiet fann 300 LSD-tabletter heime hos han.

Politiet mistenkjer at mannen er svært sentral i narkotikaomsetnaden i Tysnes kommune i Hordaland.

– Uvanlig stort og sjeldan beslag

Mannen vart pågripen som eit resultat av etterforskning i fleire narkotikasaker i Tysnes i seinare tid, etterforskninga av saker der andre personar er mistenkt for å ha kjøpt og brukt narkotika frå denne personen.

Det er svært sjeldan politiet gjer beslag av LSD, også på landsbasis.

– Vi må så langt tilbake som 20 år for å finne slike saker, seier jourhavende politijurist Rudolf Christoffersen til NRK Hordaland.

Mannen var pågrepen torsdag kveld heime hos seg sjølv. Han har sidan vore halden i politiet si forvaring, men vert framstilt for varetekstfengsling i dag.

I ransakinga heime hos mannen fann politiet forutan desse 300 LSD-tablettane, også eit gram amfetamin og flerire hundre blåvalium-tablettar.

Uforutsigbar rus

– Mannen var pågrepen utifra opplysningar politiet kom over i samband med etterforskninga av ei anna narko-sak, seier Christoffersen.

Politiet betegner beslaget som stort.

I hele 2009 beslagla norsk politi 589 doser LSD fordelt på 27
beslag, viser tall fra Kripos.

LSD vert rekna som eit svært farlig rusmiddel. Blant anna fordi det gir ein svært uforutsigbar rus.

Politiet meiner det er fare for bevisforspillelse og ber om fire vekers varetekt.

NRK kjem tilbake med meir.